mandag 11. februar 2019

Enda ein variant av tunet

Våningshus, fjøs og låve. 
I boka Norske gardsbruk, bind Oppland, står det at i 1953 var det to kyr, ein gris, 14 sauer og 13 høner her.  Nå er det berre ein elghund og jorda er bortleigt.  Heldigvis blir jorda drivi. I haust kom eg langt med å rive einer og rydde opp i beitet. Eg kjem ikkje til å få bruk for beitet,  trur eg. Men i respekt for dei som streva og braut land så kan eg jammen ta min tørn og kalle det treningsinstitutt.
Flyfotoet er nok frå litt utpå 60-talet.  Lengst til høgre i bildet er saufjøset,  det var nytt i 1962.  Lengst til venstre er eldhuset,  det var i så dårleg forfatning at det vart rivi i 1982 og bakstehella fekk plass i kjellaren på nybygget som kom opp da. 



søndag 10. februar 2019

Tunet mitt

Jippi -  det går an å mekke ihop tunet mitt!  Det vart nesten heilt rett -  blir betre og betre dette SketchUp-programmet.  Eller kanskje det er meg; som får betre og betre tak på grunnleggjande komandoer. Våningshuset er påbygt i mange omgangar.  Det vart også mange omgangar innan eg fekk det til å sjå  såpass ut.  Her grupperte eg huselementa og sette dei saman etterpå, og eg var ganske så tilfreds.  Men det vara ikkje lenge, da eg skulle til å gje huset illusjon av ståande ytterklednad, så reagerte heile grupperinga.  Moralen er nok å gjera heilt frå seg kvar einskild modul.  Nå er neste sjølpålagde oppdrag,  å freiste å teikne tunet anno 1860.  Det står i Norske Gardsbruk, bind Oppland side 406  ( utgjeve i 1953) at våningshuset var bygt då.  Bruket var husmannsbruk fram til 1926 då det vart kjøpt fri. o Norske gardsbruk er det referet til den utgåva som var utgjeven  i 1953.  Då var det  registert 2 kyr, 1 gris 14 sauer og 13 høns. Nå er ikkje dyr her lengre og jorda er det naboen som driv. Heldigvis blir jorda brukt.
Eller kanskje det er vanskeleg nok å forestille seg korleis det var i 1926.  Frå litt utpå 60-talet finst det flyfoto

tirsdag 5. februar 2019

Lurt å gruppere


Eg tek for meg av alt som heiter lærevidoar som finst ute på youtube.  Der var det eit tips om å gruppere etterkvart som arbeidet skrider fram. 
Det skal eg ta til med.  
Det er så hakkande gale når all fin geometri blir dratt ut i alle retningar. 
Då eg fekk saman dette arbeidet, hadde eg ikkje sett tipset om å gruppere.






fredag 1. februar 2019

På innsida

Oi oi oi  - nå er i gang med å teikne planteikning.  Det går ganske så greitt, ettersom eg har lært meg å styre rotasjon, zoome inn og ut og å flytte objektet til høgre eller venstre innanfor pc-skjermen.
Eg har funne fram i varehuset og funne ei seng som eg treng.  Eg takka ja til å plassere den inn i arbeidet eg driv med.
Det var da problemet oppstod.  Senga var stor  -  kjempestor! Mykje større enn heile huset.
Eg søkte på verdensveven korleis eg skulle forandre storleik ( how to resize from warehouse) og jamen skjønte søkemotoren kva hjelp eg hadde bruk for. Ja, eg fekk ho mindre.
Men eg trur eg treng meir hjelp. For senga heng høgt oppi lause lufta, og med gradskiva så snurrar ho både hit og dit.
Så nå blir det #øveøve og teste utover kvelden.

Der fann eg første trikset;  sjekke storleiken på produktet eg har tenkt å laste ned.  Eg fann ei seng som var mindre i utgangspunktet. Ho passa på direkten.