onsdag 30. januar 2019

Det er nok nå

Nå får det greie seg,  det er tid for å løyse utfordringane inne.

Utan trykkevegring

Her går det i SketchUp i tide og utide. Det vart noko anna å laste ned programmet, i staden for å knote på appen.  Men eg tykkjer framleis det er vanskeleg med pirkepirke og vera nøye. Her trykte eg i veg og fekk på anna style innan eg rakk å farge frå meg huset.  Eg fann ikkje ut korleis eg skulle kome meg attende.  Det blir neste forskingsområde. Og eg må over til rominndeling og interiør.

Har også surfa litt rundt og søkt på SketchUp vs Blender.  Det ser ut som om SketchUp er best for arkitektur..

tirsdag 29. januar 2019

Ferdig for i kveld


Beste varianten,  så langt.
Men det vanskeleg å drive pirkeflytting av objekt, sjøl om eg forstørrar arbeidet så mykje eg kan og framleis har kontroll på kvar eg er. 
Å markere alt i eit ferdig vindauga, for så å kopiere er utruleg knotete. Og i dei fleste tilfelle så bygde eg opp nye. Det synes - og når det attpå til er vanskeleg å pirkeflytte så blir ikkje dette nøye.  
Må øve meir. 
Elles så saknar eg moglegheita for å lage dekorelement,  legg merke til pynten rundt vindauga. 
Eller kanskje slike moglegheit finnst på kjøpevarianten. 

Må nok lage ein versjon til. 

Og eg ville gjerne ha hatt moglegheit for ein breiare fargepalett og ståande ytterklednad.






Eit gamalt hus til

Nytt hus -  gamalt denne gongen også. Nye moglegheiter for å streve og å lære

Eg får ikkje til komandoen on face, eg har ikkje funne ut kva eg gjer feil

Her faila eg skikkeleg  -  medan eg driv å laga vindu på sida som vender mot sør,  har eg utan vitande og vilje fjerna mykje av fasaden.  Ja, for ei fadese!

Eg lurar virkeleg på ein del av funksjonane i appen.  Eg har ikkje greitt å funne ein komando som nullstiller  -  slik som i geogebra.  Viss eg trykker esc der, så kjem eg til fløtteverktøyet og alle liner blir passive. 
Nokre gonger funkar det å kome til pil ved å trykke på esc.  Det er heller ikkje alltid at klikk avluttar komadomen.  Og å kunne markere ut, kopiere og lett flytte på plass element er ikkje alltid så lett. 
Eg lurar på om eg greier å få elevane til å bruke så nok tid slik at dei lærer seg det grunnleggande. 
Eg trur at KH-timane flyg fort når dei skal mekke med dette. 
Timane går i allefall fort nå.



mandag 28. januar 2019

Ferdig med første forsøk

 Ferdig med første, men langt frå utlært.
Og så må eg nok kjøpe ei betre utgave av SketchUp. 
I allefall viss eg vil drive med laft!  Men det er ikkje sikkert at det er overflate som gjev inntrykk av laft der. Men kanskje det er fleire fargar.
Eg har ikkje laga interiøret,  her inne  har det vore både småkrøtter, storfe og høns. Heldigvis så er det tak på huset. Da kan det stå mange år før det går attende til jorda.
Det var ikkje så ille å lære seg litt triks med SketchUp  -  det tek tid å bli god.  
Det er likt i alle "skills", trening er nøkkelen. 
Eg såg fleire gonger på same basic- videoen for å lære meg dei heilt grunnleggjande grepa med å  rotere, zoome og flytte arbeidet til høgre eller venstre på skjermen. Og å finne fram i verktøyet.  På pc-en min kjem SketchUp fram frå ein app, og eg har nok ikkje så utvida verktøyline som på video.  Må forske litt meir på dette. 
Elles så tykte eg det var dårleg utval i fargar,  ikkje fanst det snø, ei heller noko overflate som skulle gje inntrykk av laft. 
Men - det er nok ikkje så store delar av verda som driv med lafta bygningar.  

mandag 14. januar 2019

Bygninginformasjonsmodellering

BIM betyr Bygninginformasjonsmodellering. Det betyr at  all utbyggingsinformasjon er samla digitalt.  E 6 strekninga frå Arnkvern til Moelven er BIM
Linken er frå Computerworld og er oppdatert 22. august 2018

Nytt semester, ny lærdom

Eg har sagt det før, og må si det ein gong til; eg må bli betre i engelsk. Men det var ikkje det som var nyttårsforsett  -  det er å blir flinkare til å sørge for at sokkar blir i parvis samling.  Når dei blir tekne av, når dei skal inn i vaskemaskinen, når dei skal opp på klesnora.  Da blir det forhåpenleg lettare å få dei parvis ned i sokkeskuffa.

Så å lesa engelsk, i dag  "A conversation between Art Nouveau and digital design" må stå for si eiga rekning.  Eg reflekterer rundt leseferdigheitane,  kanskje eg brukar så mykje energi på å lese at det slik med å tileigne meg fagstoffet.  Er imponert over kor lange perioder forfattaren brukar.  Eg har rekna 45 ord mellom to punktum.  Det imponerer  ikkje meg.  Viss dette skal vera lesbart for ein amatør. Men kanskje dokumentete er for likesinna.  Dei som kan like mykje fagtermologi.