Eg har sagt det før, og må si det ein gong til; eg må bli betre i engelsk. Men det var ikkje det som var nyttårsforsett - det er å blir flinkare til å sørge for at sokkar blir i parvis samling. Når dei blir tekne av, når dei skal inn i vaskemaskinen, når dei skal opp på klesnora. Da blir det forhåpenleg lettare å få dei parvis ned i sokkeskuffa.
Så å lesa engelsk, i dag "A conversation between Art Nouveau and digital design" må stå for si eiga rekning. Eg reflekterer rundt leseferdigheitane, kanskje eg brukar så mykje energi på å lese at det slik med å tileigne meg fagstoffet. Er imponert over kor lange perioder forfattaren brukar. Eg har rekna 45 ord mellom to punktum. Det imponerer ikkje meg. Viss dette skal vera lesbart for ein amatør. Men kanskje dokumentete er for likesinna. Dei som kan like mykje fagtermologi.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar