I alle fall var oppdraget å lage to undervisningsopplegg. Eit der eg valde å gå frå analogt til digitalt, og eit som vart heilt perfekt. I alle fall til eg får prøvd med elevar.
Båe opplegga er henta frå kunnskapsmåla i LK 06 kunst / 10. klasse.
Kulepunktet er:
- beskrive livsløpet til et produkt og vurdere konsekvenser for bærekraftig utvikling, miljø og verdiskaping
Nå blir det podkast! Dette kan også vera eit samarbeid med norsk og musikk.
Ein god podkast har ein jingle - denne kan lagast i td Garageband eller Audacity. Norskfaget kan vurdere podkasten i som ein munnleg presentasjon og innhaldet går både til kunst og handverk og til samfunnsfag. Første gongen elevane lagar podkast så er Audacity eit gratis verktøy, Ipad har også app for opptak.
Foto: RandiRust
Det som kan bli eit heilt perfekt undervisningsoppleg er
- samtale om opplevelse av hvordan kunstnere til forskjellige tider og i ulike kulturer har uttrykt seg gjennom foto, film og video, og bruke dette som utgangspunkt for eget arbeid
Først må det vera litt samtale med elevane om korleis jobbe med dette læringsmålet, så er det å bla gjennom eit digitalt kompendie med eksempel.
Deretter kan elevane velgje mellom tre: Dei kan arbeide med foto. Dei kan gjera så godt dei kan å gjenskape stilen i bilde frå slutten av 1800-talet og fram til td. 1930. Eller dei kan fokusere på andre områder innan foto. Videokunst er eit alternativ - og det siste fokusområde er å lage ein trailer til ein film...
Om dette blir suksess står det att å sjå. Eg har berre prøvd deler av det på meg sjølv.
Foto vart det mange av..
Foto: RandiRust
Foto: RandiRust
Foto: RandiRust
Foto: RandiRust
Moro? JA.





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar