mandag 9. september 2019

Nå prøver vi

Desse bilda kan du  bruke når du øver på bildebehandling.  Hugs alltid å kreditere fotografen.  DVS skrive namnet på fotografen under bildet du tek til med. 
Når du har miksa og triksa med bildet har du laga eit nytt åndsverk.
 Foto : Randi Rust
  Foto : Randi Rust
  Foto : Randi Rust
 Foto : Randi Rust

  Foto : Randi Rust
  Foto : Randi Rust
  Foto : Randi Rust
  Foto : Randi Rust
  Foto : Randi Rust
 Foto : Randi Rust

mandag 6. mai 2019

Niksbliks

                                               Foto: Randi Rust
Niksbliks -  det superdigitale opplegget som eg fann på med å framstille både traileer til film og bilde frå ulike epoker i fotohistoria vart  FOR DIGITALT!

Derfor måtte eg lesa oppgåveteksten ein gong til.  Da vart det ein kombinasjon mellom digitalt surfing for å sjå på kunst i det offentlege rom og å setja grafitti og streetart under debatt.
Elevane skal også lage sin eigen streetart-piece.

Så da leverte eg inn det undervisningsopplegget.

torsdag 4. april 2019

Arbeidskrav 8 hybride løysingar

Eg måtte sjekke definisjon på hybrid, og i Store Norske Leksikon  stod det at hybrid blir det ved krysninger eller samansetningar av fleire elemet.
I alle fall var oppdraget å lage to undervisningsopplegg.  Eit der eg valde å gå frå analogt til digitalt, og eit som vart heilt perfekt.  I alle fall til eg får prøvd med elevar.
Båe opplegga er henta frå kunnskapsmåla i LK 06 kunst / 10. klasse.
Kulepunktet er:
  • beskrive livsløpet til et produkt og vurdere konsekvenser for bærekraftig utvikling, miljø og verdiskaping
Tidlegare har eg løyst dette med veggavis.
Nå blir  det podkast!  Dette kan også vera eit samarbeid med norsk og musikk.
Ein god podkast har ein jingle  -  denne kan lagast i td Garageband eller Audacity.  Norskfaget kan vurdere podkasten i som ein munnleg presentasjon og innhaldet går både til kunst og handverk og til samfunnsfag.  Første gongen elevane lagar podkast så er Audacity eit gratis verktøy,  Ipad har også app for opptak.
                                                   Foto: RandiRust
Det som kan bli eit heilt perfekt undervisningsoppleg er 
  • samtale om opplevelse av hvordan kunstnere til forskjellige tider og i ulike kulturer har uttrykt seg gjennom foto, film og video, og bruke dette som utgangspunkt for eget arbeid
 Først må det vera litt samtale med elevane om korleis jobbe med dette læringsmålet, så er det å bla gjennom eit digitalt kompendie med eksempel.
Deretter kan elevane velgje mellom tre:  Dei kan arbeide med foto.  Dei kan gjera så godt dei kan å gjenskape stilen i bilde frå slutten av 1800-talet og fram til td. 1930.  Eller dei kan fokusere på andre områder innan foto.  Videokunst er eit alternativ -  og det siste fokusområde er å lage ein trailer til ein film...

Om dette blir suksess står det att å sjå.  Eg har berre prøvd deler av det på meg sjølv. 









Foto vart det mange av..
Foto: RandiRust

Foto: RandiRust

Foto: RandiRust

Foto: RandiRust

Moro? JA.

tirsdag 26. mars 2019

Mønster det er det mykje av

                Foto: Randi Rust
                         Foto: Randi Rust
 Inkscape er pinadø eit morosamt program å bruke.  Her er det eg landa på etter å ha krafsa og pirka og prøvd meg fram.  Og ikkje minst; ros til alle folk som legg ut diverse tips og triks på Youtube.
Eg ville ha ein bord som eg kunne bruke både på mørk og ljos bakggrunn

                            Foto: Randi Rust

Her på silke
                                              Foto: Randi Rust
 Å mekke aks var supermoro.  Eg ser at her har eg ikkje vore pirkenøye nok.

                                             Foto: Randi Rust

                                           Foto: Randi Rust

                                              Foto: Randi Rust
Eg testa ut før eg las bruksanvisninga. 
Moral; det er ein grunn til at bruksanvisningar finst. 
LES
BRUKSANVISNINGA
da slepp du mykje plunder.

mandag 11. februar 2019

Enda ein variant av tunet

Våningshus, fjøs og låve. 
I boka Norske gardsbruk, bind Oppland, står det at i 1953 var det to kyr, ein gris, 14 sauer og 13 høner her.  Nå er det berre ein elghund og jorda er bortleigt.  Heldigvis blir jorda drivi. I haust kom eg langt med å rive einer og rydde opp i beitet. Eg kjem ikkje til å få bruk for beitet,  trur eg. Men i respekt for dei som streva og braut land så kan eg jammen ta min tørn og kalle det treningsinstitutt.
Flyfotoet er nok frå litt utpå 60-talet.  Lengst til høgre i bildet er saufjøset,  det var nytt i 1962.  Lengst til venstre er eldhuset,  det var i så dårleg forfatning at det vart rivi i 1982 og bakstehella fekk plass i kjellaren på nybygget som kom opp da. 



søndag 10. februar 2019

Tunet mitt

Jippi -  det går an å mekke ihop tunet mitt!  Det vart nesten heilt rett -  blir betre og betre dette SketchUp-programmet.  Eller kanskje det er meg; som får betre og betre tak på grunnleggjande komandoer. Våningshuset er påbygt i mange omgangar.  Det vart også mange omgangar innan eg fekk det til å sjå  såpass ut.  Her grupperte eg huselementa og sette dei saman etterpå, og eg var ganske så tilfreds.  Men det vara ikkje lenge, da eg skulle til å gje huset illusjon av ståande ytterklednad, så reagerte heile grupperinga.  Moralen er nok å gjera heilt frå seg kvar einskild modul.  Nå er neste sjølpålagde oppdrag,  å freiste å teikne tunet anno 1860.  Det står i Norske Gardsbruk, bind Oppland side 406  ( utgjeve i 1953) at våningshuset var bygt då.  Bruket var husmannsbruk fram til 1926 då det vart kjøpt fri. o Norske gardsbruk er det referet til den utgåva som var utgjeven  i 1953.  Då var det  registert 2 kyr, 1 gris 14 sauer og 13 høns. Nå er ikkje dyr her lengre og jorda er det naboen som driv. Heldigvis blir jorda brukt.
Eller kanskje det er vanskeleg nok å forestille seg korleis det var i 1926.  Frå litt utpå 60-talet finst det flyfoto

tirsdag 5. februar 2019

Lurt å gruppere


Eg tek for meg av alt som heiter lærevidoar som finst ute på youtube.  Der var det eit tips om å gruppere etterkvart som arbeidet skrider fram. 
Det skal eg ta til med.  
Det er så hakkande gale når all fin geometri blir dratt ut i alle retningar. 
Då eg fekk saman dette arbeidet, hadde eg ikkje sett tipset om å gruppere.






fredag 1. februar 2019

På innsida

Oi oi oi  - nå er i gang med å teikne planteikning.  Det går ganske så greitt, ettersom eg har lært meg å styre rotasjon, zoome inn og ut og å flytte objektet til høgre eller venstre innanfor pc-skjermen.
Eg har funne fram i varehuset og funne ei seng som eg treng.  Eg takka ja til å plassere den inn i arbeidet eg driv med.
Det var da problemet oppstod.  Senga var stor  -  kjempestor! Mykje større enn heile huset.
Eg søkte på verdensveven korleis eg skulle forandre storleik ( how to resize from warehouse) og jamen skjønte søkemotoren kva hjelp eg hadde bruk for. Ja, eg fekk ho mindre.
Men eg trur eg treng meir hjelp. For senga heng høgt oppi lause lufta, og med gradskiva så snurrar ho både hit og dit.
Så nå blir det #øveøve og teste utover kvelden.

Der fann eg første trikset;  sjekke storleiken på produktet eg har tenkt å laste ned.  Eg fann ei seng som var mindre i utgangspunktet. Ho passa på direkten.

onsdag 30. januar 2019

Det er nok nå

Nå får det greie seg,  det er tid for å løyse utfordringane inne.

Utan trykkevegring

Her går det i SketchUp i tide og utide. Det vart noko anna å laste ned programmet, i staden for å knote på appen.  Men eg tykkjer framleis det er vanskeleg med pirkepirke og vera nøye. Her trykte eg i veg og fekk på anna style innan eg rakk å farge frå meg huset.  Eg fann ikkje ut korleis eg skulle kome meg attende.  Det blir neste forskingsområde. Og eg må over til rominndeling og interiør.

Har også surfa litt rundt og søkt på SketchUp vs Blender.  Det ser ut som om SketchUp er best for arkitektur..

tirsdag 29. januar 2019

Ferdig for i kveld


Beste varianten,  så langt.
Men det vanskeleg å drive pirkeflytting av objekt, sjøl om eg forstørrar arbeidet så mykje eg kan og framleis har kontroll på kvar eg er. 
Å markere alt i eit ferdig vindauga, for så å kopiere er utruleg knotete. Og i dei fleste tilfelle så bygde eg opp nye. Det synes - og når det attpå til er vanskeleg å pirkeflytte så blir ikkje dette nøye.  
Må øve meir. 
Elles så saknar eg moglegheita for å lage dekorelement,  legg merke til pynten rundt vindauga. 
Eller kanskje slike moglegheit finnst på kjøpevarianten. 

Må nok lage ein versjon til. 

Og eg ville gjerne ha hatt moglegheit for ein breiare fargepalett og ståande ytterklednad.






Eit gamalt hus til

Nytt hus -  gamalt denne gongen også. Nye moglegheiter for å streve og å lære

Eg får ikkje til komandoen on face, eg har ikkje funne ut kva eg gjer feil

Her faila eg skikkeleg  -  medan eg driv å laga vindu på sida som vender mot sør,  har eg utan vitande og vilje fjerna mykje av fasaden.  Ja, for ei fadese!

Eg lurar virkeleg på ein del av funksjonane i appen.  Eg har ikkje greitt å funne ein komando som nullstiller  -  slik som i geogebra.  Viss eg trykker esc der, så kjem eg til fløtteverktøyet og alle liner blir passive. 
Nokre gonger funkar det å kome til pil ved å trykke på esc.  Det er heller ikkje alltid at klikk avluttar komadomen.  Og å kunne markere ut, kopiere og lett flytte på plass element er ikkje alltid så lett. 
Eg lurar på om eg greier å få elevane til å bruke så nok tid slik at dei lærer seg det grunnleggande. 
Eg trur at KH-timane flyg fort når dei skal mekke med dette. 
Timane går i allefall fort nå.



mandag 28. januar 2019

Ferdig med første forsøk

 Ferdig med første, men langt frå utlært.
Og så må eg nok kjøpe ei betre utgave av SketchUp. 
I allefall viss eg vil drive med laft!  Men det er ikkje sikkert at det er overflate som gjev inntrykk av laft der. Men kanskje det er fleire fargar.
Eg har ikkje laga interiøret,  her inne  har det vore både småkrøtter, storfe og høns. Heldigvis så er det tak på huset. Da kan det stå mange år før det går attende til jorda.
Det var ikkje så ille å lære seg litt triks med SketchUp  -  det tek tid å bli god.  
Det er likt i alle "skills", trening er nøkkelen. 
Eg såg fleire gonger på same basic- videoen for å lære meg dei heilt grunnleggjande grepa med å  rotere, zoome og flytte arbeidet til høgre eller venstre på skjermen. Og å finne fram i verktøyet.  På pc-en min kjem SketchUp fram frå ein app, og eg har nok ikkje så utvida verktøyline som på video.  Må forske litt meir på dette. 
Elles så tykte eg det var dårleg utval i fargar,  ikkje fanst det snø, ei heller noko overflate som skulle gje inntrykk av laft. 
Men - det er nok ikkje så store delar av verda som driv med lafta bygningar.  

mandag 14. januar 2019

Bygninginformasjonsmodellering

BIM betyr Bygninginformasjonsmodellering. Det betyr at  all utbyggingsinformasjon er samla digitalt.  E 6 strekninga frå Arnkvern til Moelven er BIM
Linken er frå Computerworld og er oppdatert 22. august 2018

Nytt semester, ny lærdom

Eg har sagt det før, og må si det ein gong til; eg må bli betre i engelsk. Men det var ikkje det som var nyttårsforsett  -  det er å blir flinkare til å sørge for at sokkar blir i parvis samling.  Når dei blir tekne av, når dei skal inn i vaskemaskinen, når dei skal opp på klesnora.  Da blir det forhåpenleg lettare å få dei parvis ned i sokkeskuffa.

Så å lesa engelsk, i dag  "A conversation between Art Nouveau and digital design" må stå for si eiga rekning.  Eg reflekterer rundt leseferdigheitane,  kanskje eg brukar så mykje energi på å lese at det slik med å tileigne meg fagstoffet.  Er imponert over kor lange perioder forfattaren brukar.  Eg har rekna 45 ord mellom to punktum.  Det imponerer  ikkje meg.  Viss dette skal vera lesbart for ein amatør. Men kanskje dokumentete er for likesinna.  Dei som kan like mykje fagtermologi.