Ein blogg som viser vegen min når eg skal utvikle digital kompetanse. Det er kompetanse som kjem til nytte som KH-lærar, men også i andre område jobb og fritid.
fredag 28. september 2018
tirsdag 25. september 2018
Kaffe kurerer knurr og gruff
Jippi - kaffi kurerer alt - i allefall i dag. Det var berre å dra pusten og søke på Youtube! Youtube har løysing på alt.
Dette er første versjon. Med same bilda og anna lyd blir produksjon annleis, med andre bilde og same lyd, da blir det eit anna uttrykk.
Eg har prioritert å leike med Audacity og produsere lyd. Lyden blir ulik om ein knurvar ein plastpose eller om ein dreg handa langsmed. Gladpack gjev ein anna lyd enn standard brødpose. Utforsking av lyd og lydeffekter er nok ikkje over i ei handvending.
Det er langt mellom loppemarked her i området, så det vart eit besøk på bruktbua. Der er det alltids noko som vil bli med heim, denne gongen ei lita sykjerring.
Ho fekk hovudrolla i eit døgna arbeid. Ho vart testa og "GIMPA" opp og ned at att og fram. Ho enda med mosaikkfilter i system. Intervall frå null til 150 pixel i heksagon-diameter. Anslaget er ein pling ( frå eit glas) og så knitrelyd som skal underbyggje endring i utsjånad på tredokka.
Så kjøpte eg meg MOVAVI redigeringsprogram. Eg har tidlegare brukt MovieMaker 2.6 og litt Pinnacle. Det eg ikkje fekk til som eg ville, var få overgangane til å bli glidane overgang mellom kvart bilde. Her er kvart bilde sett til 2 sek. Tanken var å bruke eit halv sekund fram og bak på kvart motiv. Det fekk eg ikkje til, for programmet blanda seg borti og varierte overgangane. Kanskjer eg greier det på neste versjon. Dette er eit klypp som er tenkt gå i loop.
Ikkje heilt vedllykka, men ein brukbar start.
Nå må det blir meir kaffi!
NEI, nå!
Eg har allereie konto på Youtube og eg vil laste opp der sjøl!
Nå har eg mora meg med å lage lyd av allslag, så lydmappa fyllest opp av rare, brukbare, heilt dumme, men morosame lydar. Og eg bestemte meg for at kjerringa
Nå har eg mora meg med å lage lyd av allslag, så lydmappa fyllest opp av rare, brukbare, heilt dumme, men morosame lydar. Og eg bestemte meg for at kjerringa
frå bruktbutikken skulle få hovudrolla i "videokunsten" eg skulle mekke ihop.
Eg styra på og GIMPA kjerringa både hit og dit, og bestemte meg for at denne gongen skulle fana filter testast.
Og det har eg gjort. Nesten alle variantar.
Eg hugsar nesten alle - eg slepp å leite så lenge for å finne at effekten.
Så gav eg gass og kjøpte meg
Videoredigering.
MOVAVI.
Her var det berre å mekke ihop, programmet gjorde alt eg ville.
Heilt til eg skulle eksportere fila med plan om at dette skulle til Youtube.
Da får eg denne:
Det tillet eg ikkje.
Så nå må eg finne ut neste manøver. Spørs om IT-mannen på skulen må hjelpe meg.
søndag 23. september 2018
Det går trått
Det går trått, eg er nok meir handverkar enn kunstnar.
Eg driv og si ved meg sjøl at eg skal lære meg handverket digitale verktøy. Når det flyt godt, kanskje eg greie å skape noko digitalt da.
Audacity glei fint på plass, likeleis LAME for å kontvertere lyd til MP3 fil. Å setja saman lyd og bilde har eg såvidt prøvd før, eg har jobba ein del med digtial historieforteljing. Da brukte eg MovieMaker 2.6. Da denne versjon var opertiv laga elevane mine ein liten presentasjon av hobbyen sin. Da måtte dei skape teksen fyrst, minst 100 ord som minste versjon, 300 ord og ikkje eit ord meir for maks manus. Deretter måtte illustrasjon på plass. Teksta var meiningsberande og foto understøtta.
Det som eg plagast med nå, er å finne på kva eg skal ha på blokka til seminaret med forelesar.
Eg har ingen god ide. I alle fall ikkje nå. Eg har ikkje noko loppis innan rekkevidde. Har ein bruktbutikk da. Spørs om eg får gå dit.
Sjøl om eg har pad med Imovie og garageband, så trur eg at eg må kjøpe meg eit redigering program til pcen. Til dømes MOAVI.
Eg får plagast ei stund til.
CDen "Diktarplager" avsluttar med at " ein treng ikkje vera plaga for å lage stor kunst, men det hjelp".

søndag 16. september 2018
Det må da vera sant
Det må da vera sant at huldrekua er blå...
Litt blåfarge med opacity 2,7.
Men må trene meir for å få det endå meir truverdig.
Litt blåfarge med opacity 2,7.
Men må trene meir for å få det endå meir truverdig.
Portrett
Og det går likare nå. Har funne utu det med hurtigkomandoar.
Må få dei inni fingra.
Utgangspunkt
vore litt slurvete med viskelæret. Underste laget er farga, layer er svartkvitt og transparent
Brukte fuzzy select og plukka ut brilleområdet og la på meir raudt. Deretter fuzzy select til å plukke ut det kvite i augu. Måtte auke toleransen for kvitfarge for å få med alt.
Fuzzy select for å skifte farge på brillane. Her hengde programmet seg. Eg avslutta og er litt tilfreds for nå har eg testa endå fleire av verktøya.
Å lage kunstbilde av å koke epler
Koke epler til mos
Så var det å arbeide med fargar til ynskja nonfigurativ inntrykk og bruk av deformer
Epler er da gule!
Invert farger
lørdag 15. september 2018
Koks med og utan band
Frå dagens tur - på det nederste har eg laga meir dramatisk himmel - brukte curves. Så må eg lære meg hurtigkommandoer for å skifte mellom å plukke opp farge, over til pensel og deretter kline utover. Det gule bandet hennar vart etterkvart fjerna. Det er for mykje flytting av verktøy.
Moralen er: Bruk augo godt før du knipsar. Da blir det minst mogleg å kamuflere/fjerne etterpå.
Kunstbilde
Kunst og kunst - det er mest eit forsøk der eg har testa verktøy og kva ein kan få til. Og dette er ikkje alt. Eg har flippa og rotert, testa ut lag på lag og ymse børster med farge og utan farge. Samtlege bilder eg har lagt oppå kvarandre er frå eige arkiv. Om eg tilfreds med resuletet; nei. Men eg har fått utvida fingerferdigheita med GIMP
torsdag 13. september 2018
Glede eller lykke
Take five photographs of things that make you happy. Just do it instinctively.
Da må eg ut å fotografere nå. Viss teksten skal tolkast til happiness i nuet.
Eller kan teksten tolkast slik eg kan hente bilder frå eige arkiv. Og er "make you happy" det same som å gjere deg glad eller er det å gjere deg lykkeleg? Er glede og lykke det same? Går det i det heile teke å vera lykkeleg utan å vera glad - eller omvendt.
Det skulle vera bilder med glede- eller lykke. Her er det fire. Eg blir glad av solvarm jordbær med mjølk eller fløyte på.Eg blir glad når vinterveden er sikra. Eg blir glad når barnebarna er på besøk. Eg blir glad når eg treffer venner og likesinna på kappleik.
Eg blir lykkeleg når eg kjenner på kor lett det er å vera glad og tilfreds med det eg har og kjenner på rundt meg.

Kanskje dette er lykke?
Vakker, låg haustsol. Stille og varmt. Langt der nede er krøtterflokken. Alt er bra med dei. Flokken er samla. Dei har fått salt. Dei er fri i fjellet.
Der er dei to bilde som er samansett til eitt bilde. Bilde ein er baksida av ryggen utklipt og ligg på transparant lag. Vidare er gniutverkøyet brukt. Dette laget har opacity på 25.
tirsdag 11. september 2018
Kappleiksglede
Alltid moro med kappleik! Glimt frå øvingsrom 2. Her klipte eg ut meg sjølv, lot resten av danselaget bli svart/kvitt og deretter limte inn meg sjølv i farger!
Sommarglede i full fart
Sol og glad sommar
Triksa og miksa med farger - brukte komandoen curves over med signatur og under med innlagt roseblomst som også har fått ei runde med fargemiksing.
Signatur
Burde eg legge eit lag med signaturen min på tru? I allefall på dei bilda som kjem frå eige arkiv.
Om sommaren må ein førebu vinteren
Det gledes når vinterveden er klar til pakking tidleg på sommaren. Dette er eit svært enkelt fotomiks, vinterbildet er lagt som transparent lag med alfa kanal og berre brukt viskelæret...
Kveldsmat på setra versjon 2
Viss eg brukte lassoen rundt ei og ei skål og aktiverte den, greide eg å skalere skålene kvar for seg. Det gjekk også an å flytte på dei!
Kveldsmat på setra
Ei stor skål med jordbær med mjølk på, gjer meg glad. Her har eg klipt ut jordbærskåla, kopiert ho og skalert ei av dei. Så brukt eg curves for å justere ljoset. Det funka berre på laget med skåler. Eg fekk ikkje til å aktivere bakgrunnen slik at eg kunne justere der og. Nå er det to moglegheiter; justere bakgrunnen først eller å leite på youtube etter forklaring på korleis eg skal gjera det.
Menneske i miljø
Ein kollega i djup konsentrasjon, ser ein gong ikkje snutebilen som er på veg inn. Snutebilen med påskrifta GRÅSTEINSMURING fotograferte eg førre veka og har han også som png-fil og brukt som layer her. Elles er bildet kutta og personen er plassert i "det gyldne snitt". Bananskal og drikkeflaske har blitt sterkt gult og rundt pc-skjermen er det blitt blått. Det er tre raude klattar i bilde - eg ser at desse stel mykje merksem. Gjort er gjort - det som krev finmotorikk her er fargelegginga. Eg tok opp storleiken monaleg, då vart det lettare å fargelegge med liten pensel.
mandag 3. september 2018
Fyrste forsøk
Nå har eg sett på turtorials i time etter time, eg har fipla og prøvd meg fram. Bilda eg har teke utgangspunkt i er er eigne foto, teke med Canon EOS 450 D.
Her har eg greidd å klyppe ut ein gyngesau, kopiert og skalerte i ulike storleik.
Derfor ser det ut som om gyngesauflokken stod i tunet hjå meg ein morgon. Det eg ikkje fekk til var å legge på skugge. Sol kvart over seks om morgon kastar lange skuggar.
Det tek tid å bli flink til å lage truverdige bilder.

Abonner på:
Kommentarer (Atom)