søndag 23. september 2018

Det går trått

Det går trått,  eg er nok meir handverkar enn kunstnar.
Eg driv og si ved meg sjøl at eg skal lære meg handverket digitale verktøy.  Når det flyt godt,  kanskje eg greie å skape noko digitalt da.
Audacity glei fint på plass,  likeleis LAME for å kontvertere lyd til MP3 fil.  Å setja saman lyd og bilde har eg såvidt prøvd før,  eg har jobba ein del med digtial historieforteljing. Da brukte eg MovieMaker 2.6.  Da denne versjon var opertiv laga elevane mine ein liten presentasjon av hobbyen sin.  Da måtte dei skape teksen fyrst, minst 100 ord som minste versjon,  300 ord og ikkje eit ord meir for maks manus. Deretter måtte illustrasjon på plass.  Teksta var meiningsberande og foto understøtta.

Det som eg plagast med nå,  er å finne på kva eg skal ha på blokka til seminaret med forelesar.
Eg har ingen god ide. I alle fall ikkje nå.  Eg har ikkje noko loppis innan rekkevidde.  Har ein bruktbutikk da.  Spørs om eg får gå dit.
Sjøl om eg har pad med Imovie og garageband,  så trur eg at eg må kjøpe meg eit redigering program til pcen.  Til dømes MOAVI.
Eg får plagast ei stund til.
CDen "Diktarplager" avsluttar med at " ein treng ikkje vera plaga for å lage stor kunst, men det hjelp".


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar