Da må eg ut å fotografere nå. Viss teksten skal tolkast til happiness i nuet.
Eller kan teksten tolkast slik eg kan hente bilder frå eige arkiv. Og er "make you happy" det same som å gjere deg glad eller er det å gjere deg lykkeleg? Er glede og lykke det same? Går det i det heile teke å vera lykkeleg utan å vera glad - eller omvendt.
Det skulle vera bilder med glede- eller lykke. Her er det fire. Eg blir glad av solvarm jordbær med mjølk eller fløyte på.Eg blir glad når vinterveden er sikra. Eg blir glad når barnebarna er på besøk. Eg blir glad når eg treffer venner og likesinna på kappleik.
Eg blir lykkeleg når eg kjenner på kor lett det er å vera glad og tilfreds med det eg har og kjenner på rundt meg.
Kanskje dette er lykke?
Vakker, låg haustsol. Stille og varmt. Langt der nede er krøtterflokken. Alt er bra med dei. Flokken er samla. Dei har fått salt. Dei er fri i fjellet.
Der er dei to bilde som er samansett til eitt bilde. Bilde ein er baksida av ryggen utklipt og ligg på transparant lag. Vidare er gniutverkøyet brukt. Dette laget har opacity på 25.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar