Ein blogg som viser vegen min når eg skal utvikle digital kompetanse. Det er kompetanse som kjem til nytte som KH-lærar, men også i andre område jobb og fritid.
tirsdag 25. september 2018
Kaffe kurerer knurr og gruff
Jippi - kaffi kurerer alt - i allefall i dag. Det var berre å dra pusten og søke på Youtube! Youtube har løysing på alt.
Dette er første versjon. Med same bilda og anna lyd blir produksjon annleis, med andre bilde og same lyd, da blir det eit anna uttrykk.
Eg har prioritert å leike med Audacity og produsere lyd. Lyden blir ulik om ein knurvar ein plastpose eller om ein dreg handa langsmed. Gladpack gjev ein anna lyd enn standard brødpose. Utforsking av lyd og lydeffekter er nok ikkje over i ei handvending.
Det er langt mellom loppemarked her i området, så det vart eit besøk på bruktbua. Der er det alltids noko som vil bli med heim, denne gongen ei lita sykjerring.
Ho fekk hovudrolla i eit døgna arbeid. Ho vart testa og "GIMPA" opp og ned at att og fram. Ho enda med mosaikkfilter i system. Intervall frå null til 150 pixel i heksagon-diameter. Anslaget er ein pling ( frå eit glas) og så knitrelyd som skal underbyggje endring i utsjånad på tredokka.
Så kjøpte eg meg MOVAVI redigeringsprogram. Eg har tidlegare brukt MovieMaker 2.6 og litt Pinnacle. Det eg ikkje fekk til som eg ville, var få overgangane til å bli glidane overgang mellom kvart bilde. Her er kvart bilde sett til 2 sek. Tanken var å bruke eit halv sekund fram og bak på kvart motiv. Det fekk eg ikkje til, for programmet blanda seg borti og varierte overgangane. Kanskjer eg greier det på neste versjon. Dette er eit klypp som er tenkt gå i loop.
Ikkje heilt vedllykka, men ein brukbar start.
Nå må det blir meir kaffi!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar