tirsdag 30. oktober 2018

Plakat , insekt

Nytt forsøk,  denne gongen med insekter i hovudrollen. 
Plakaten er laga i publiser i A3-format. Eg starta utan mal. 

Utstillingsbilder, versjon 2


Det er same insektet, variert i storleik og om det er høgre eller venstre vendt


Her er det berre storleiken som er justert


Eg har eg også brukt handle transform tool

Nytt emne, sentrale stjerner




Bilda har eg funne på https://pxhere.com og er frilagt i GIMP.  Eg brukte fyrst fuzzy selekt tool.  Det " rusket" som vart att av farger frå bakgrunnen  brukte eg eraser til og lagra som png-fil.  Eg opna nytt dokumnet, ergo fekk eg kvit bakgrunn og la på layer med insektet.  Da vart det lett å viske ut resten. Så var det berre å lagre og ha ferdigpussa insekt til å setja inn i bilda.


Publikasjon og plakat laga eg i publiser,  ganske greitt å bruke dette når eg starta på tom mal og brukte hjelpeliner.

"nå kommer jeg og tar deg...."

Da er eg ferdig med ny runde.  Det er nytt tema:  "Nå kommer jeg og tar deg..." Eg høyrde i radioen, og fann på nrk.no 
og vart sjokkert: Reduksjon i antal insekter er dramatisk.  Reporteren i radio sa at mengden insekt har vorte resusert med 75 % i løpet av dei tretti siste åra.  Undersøkinga er gjennomført av forskarar frå Radboud-universitet i Nederland og Entomoligical Society Krefeld i Tyskland.  Dei har brukt avanserte insektsfeller og finn reduksjon i total biomasse.  Undersøkingane er gjort i 63 naturreservat i Tyskland.  Reservata var oppretta for å ta vare på mangfaldet.
Undersøkinga er også publisert her
Dette er skræmande lesnad, ettersom eg erkjenner at insekter er navet i økosystemet. Utan dei vil fuglar og dyr ikkje ha mat,  mange plantar får ikkje bestøva seg og spreidd frøa sine, nedbrytinga av organisk material vil stoppe opp.
Vi og alt som lever og veks i naturen er avhenging av insekter.
Monokulturar og mykje bruk av sprøytemiddel gjer livet surt for mange insekt.
Kva om insekta muterte og vart store  -  så store at dei  kunne kome og ta oss. For å vise oss den rettmessige plassen dei har i økosystem.







mandag 29. oktober 2018

Kan det vera noko å henter her?

http://www.petterandresen.no/kreativitet/05_kreativitet.html

Må sjekke!
Jepp - nå er eg i modus 7.

Kreativ utstilling på komando

Å vera kreativ på komando er neimen ikkje lett. Det er det vi forventar at elevane våre skal greie.  Kvar veke.  Kvar månad, kvart skuleår.

Kreative prosesser er det eg tek i bruk når eg har eit problem som  må løysast.  Dess meir eg kan om emnet problement er i,  dess lettare er det å aktivere reportoaret av ferdigheit og innsikt som eg har frå før.  Viss eg manglar kunnskap om emnet, må eg prøve å tenke etter om eg har vore borti noko liknade tidlegare.  Eg må dele opp problemet.
Da kan utfordringa bli lettare å handtere.

Det går føre seg ein prosess både i medveten og i umedveten tilstand.  Det blir altoppslukande.  Det blir etterkvart ei løysing.
Eg tenker eg å ta til på nytt.
Førre månadag sat eg her og var skikkeleg tilfreds med ideen min.  Nå har eg sett glimt av korleis dei andre på gruppa har løyst utfordringa.
Eg føler meg skikkeleg lost-
Det er nok slik elevane har det og.  Når dei tykkjer dei andre har laga noko som er SÅ bra og KULT.

Da er det viktig å hugse ein replikk frå Peer Gynt.  I ei scene si Peer:  Det eg kan, kan ingen an!

Så kjem neste tvil snikande;  gjorde eg nok? Jobba eg godt nok? Kva er godt nok? Er det eg som skal vera tilferds?  Er det dei andre, dei som ser på som skal vera tilfreds?




mandag 22. oktober 2018

Utstillingsbilder

 Du er aldri åleine -  det kan vera einkvan som ser
 Du er aldri åleine - det kan vera einkvan som ser
Du er aldri åleine - det er dei som ser og hjelp til
Du er aldri åleine  -  det er einkvan som ser
Du er aldri åleine  det er einkvan som ser og støttar












søndag 21. oktober 2018

Nye Gimp-triks

Det er ikkje sikkert eg får til ynskja resultat, men må prøve.  Videolærarar finst det mange av på det store nettet.  Youtube svara fort da eg spurde: how to make a color transparent in gimp ?
Videoen var stutt.  For sjå kor lettlært eg er.
Langt ifrå  -  det var ikkje dette eg er på jakt etter. 
Fyrst på da eg dreiv og testa alle komandoar på Gimp trur eg at eg var innom det eg nå er på jakt etter.  Må berre teste meir.

Kanskjer litt lengre

Akkuratt nå er planen at denne skal få ei rolle i utstillinga. Han vart frilagt frå bakgrunnen sin med å bruke fuzzy select tool pluss litt viskelær.  Så var det å finne miljøbildet til han.  Det er pinadø vanskeleg. Heldigvis har eg funne att ei tube med Voltraren forte.  Det trengs til høgre underarm. Kanskje eg må ha ei anna mus.  Eg har slutta å krafse på flat-musa, har funne fram att ei gamal ordinær mus med lang leidning.  Bror min sa at det finst betre ergometriske mys.

fredag 19. oktober 2018

Ny periode - nytt oppdrag; UTSTILLING

Oppdraget er å lage ei utstilling, oi -  oi

Du skal bruke individuelle «funnet» fotografier (som du ikke har tatt, men som ligger i det fri på aktuelle delingstjenester) og bearbeide disse slik at de sett samlet, forteller en ny fortelling (og gjerne en helt annen fortelling) enn de gjorde individuelt i utgangspunktet. Utstillingen på skolen skal kunne vise hvordan bilder som ligger ute kan brukes og misbrukes av andre, til å fortelle noe nytt, noe tatt hvor de originale arbeidene er tatt ut av kontekst. Denne fysiske utstillingen skal bestå av ca. 5-10 fotoarbeider. Du skal også lage en fotobok. 
Akkurat nå kjenner eg at eg er meir handverkar enn kunstnar.
Men eg må. Må gjera så godt eg kan. Det gjer eg her og.  Eg driv og skiftar verveggen. Og tenker på korleis eg skal løyse kunstoppgåva.


mandag 15. oktober 2018

Som tida går

I dag er det innleveringsfrist og eg ser på jobben eg har gjort.
Eg er ikkje nøgd med produket mitt. 
Har sett ein del andre løysingar  -  men nå er løpet kjørt.
Levert er levert.

torsdag 4. oktober 2018

Konseptkunst




Jammen er det mykje å studere på!  Her er det påfyll.
Etter eg hadde sett på dette,  da bestemte eg meg.  Nå har eg laga fyrste utkast til svar på oppgåven AP 2 som har leveringsfrist 15. oktober.  Eg kjem nok til å justere den mange gonger.

Utvidar horisonten

I dag sønr det.
Det har kome vel 5 cm og når bilen framleis har sommardekk og eg har studier å gyve laus på,  så passar det fint å ha haustferie.

Først var det å lesa masteroppgåver.  Der går det an å få nye tankar å tenke.
Etterpå var det tid for John Berger. Heldigvis har eg Cromcast så det var berre å slenge seg i sofaen å følgje med. Med fyr på omn så vart det retteleg så triveleg.

Nå har eg att episode 4.  Berger har interessante betraktningar rund dette å sjå på måleri.  Eg hadde ikkje tenkt over at å sjå på vart annleis når fotografiet kom og det går an å mangfaldgjera eit bilde av eit kunstverk.

Da gjekk eg ut å laga ein snømann.
Etterpå gjekk Koks og eg tur i snøslapset.