I dag sønr det.
Det har kome vel 5 cm og når bilen framleis har sommardekk og eg har studier å gyve laus på, så passar det fint å ha haustferie.
Først var det å lesa masteroppgåver. Der går det an å få nye tankar å tenke.
Etterpå var det tid for John Berger. Heldigvis har eg Cromcast så det var berre å slenge seg i sofaen å følgje med. Med fyr på omn så vart det retteleg så triveleg.
Nå har eg att episode 4. Berger har interessante betraktningar rund dette å sjå på måleri. Eg hadde ikkje tenkt over at å sjå på vart annleis når fotografiet kom og det går an å mangfaldgjera eit bilde av eit kunstverk.
Da gjekk eg ut å laga ein snømann.
Etterpå gjekk Koks og eg tur i snøslapset.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar