mandag 29. oktober 2018

Kreativ utstilling på komando

Å vera kreativ på komando er neimen ikkje lett. Det er det vi forventar at elevane våre skal greie.  Kvar veke.  Kvar månad, kvart skuleår.

Kreative prosesser er det eg tek i bruk når eg har eit problem som  må løysast.  Dess meir eg kan om emnet problement er i,  dess lettare er det å aktivere reportoaret av ferdigheit og innsikt som eg har frå før.  Viss eg manglar kunnskap om emnet, må eg prøve å tenke etter om eg har vore borti noko liknade tidlegare.  Eg må dele opp problemet.
Da kan utfordringa bli lettare å handtere.

Det går føre seg ein prosess både i medveten og i umedveten tilstand.  Det blir altoppslukande.  Det blir etterkvart ei løysing.
Eg tenker eg å ta til på nytt.
Førre månadag sat eg her og var skikkeleg tilfreds med ideen min.  Nå har eg sett glimt av korleis dei andre på gruppa har løyst utfordringa.
Eg føler meg skikkeleg lost-
Det er nok slik elevane har det og.  Når dei tykkjer dei andre har laga noko som er SÅ bra og KULT.

Da er det viktig å hugse ein replikk frå Peer Gynt.  I ei scene si Peer:  Det eg kan, kan ingen an!

Så kjem neste tvil snikande;  gjorde eg nok? Jobba eg godt nok? Kva er godt nok? Er det eg som skal vera tilferds?  Er det dei andre, dei som ser på som skal vera tilfreds?




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar