og vart sjokkert: Reduksjon i antal insekter er dramatisk. Reporteren i radio sa at mengden insekt har vorte resusert med 75 % i løpet av dei tretti siste åra. Undersøkinga er gjennomført av forskarar frå Radboud-universitet i Nederland og Entomoligical Society Krefeld i Tyskland. Dei har brukt avanserte insektsfeller og finn reduksjon i total biomasse. Undersøkingane er gjort i 63 naturreservat i Tyskland. Reservata var oppretta for å ta vare på mangfaldet.
Undersøkinga er også publisert her
Dette er skræmande lesnad, ettersom eg erkjenner at insekter er navet i økosystemet. Utan dei vil fuglar og dyr ikkje ha mat, mange plantar får ikkje bestøva seg og spreidd frøa sine, nedbrytinga av organisk material vil stoppe opp.
Vi og alt som lever og veks i naturen er avhenging av insekter.
Monokulturar og mykje bruk av sprøytemiddel gjer livet surt for mange insekt.
Kva om insekta muterte og vart store - så store at dei kunne kome og ta oss. For å vise oss den rettmessige plassen dei har i økosystem.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar