Ein blogg som viser vegen min når eg skal utvikle digital kompetanse. Det er kompetanse som kjem til nytte som KH-lærar, men også i andre område jobb og fritid.
søndag 16. desember 2018
Å leite på nettet
Denne kjøleskåpmagneten kjøpte eg å Åsentunet for mange ås sia. Det er slik når eg leitar på nettet.
Meir mindmapping
Sjå her - kanskje dette er noko for alle og einkvar.
https://www.lucidchart.com eller kanskje denne: https://app.mindmapmaker.org
Eksamensmodus
Det duftar kongerøkelse, det er brenn på omnane, det er tredje sundag i advent og eg gjer så godt eg kan med å vera i eksamenmodus.
Da må eg melde at eg likar at det er avgrensingar på det vi skal skrive. Ca 250 ord. Det gjer at "kill my darlings" er viktig. Eg er i gang med det. Kill my darlings, altså.

søndag 9. desember 2018
Otto Ramstads lineage
Laurdag ettermiddag var eg på ein opplevelse der digitale opptak og mennesket blei integrert i ei forteljing. Det er dansaren Otto Ramstad frå USA som fortel om den norske arven sin.
Det var ei spanande reise gjennom utvandarsoga.
Oldefar til Ramstad hadde kome til Minnesota i 1911. Ramstad fatta interesse for slekt og enda til sist med å reise til Skjåk og fann husmannsplassen Ramstadtrædet. Første turen var for fire år sia.
Dansaren Ramstad har saman med vener laga ei forestilling der bilder, lyd, prat og dans set saman tankar rundt å bryte opp og reise til USA - og han fortel om opplevingane han kjende da han kjende slektsbanda. Han fortalde med ei multimedial forestilling.
Eg tykte forteljinga var rørande og interessant. Og eg likte spesielt godt integreringa av video og kropp. Når videobildet vart vist på golvet og ulike knurva papir vart lagt på og laga heilt nye bilde og vinklar . Det skal eg prøve.
Grunnen til at eg fortel dette: eg les ein fagfelle vurdert artikkel om kritisk pedagogikk og fann dette
Denne artikkel svarar ikkje på forskingspørsmålet mitt, men med å gå på forestillinga til Ramstad har eg fått inspirasjon eg kan teste ut.
Otto Ramstad's lineage from BodyCartography Project on Vimeo.

The concept of democracy takes on a variety of meanings in different times, places and contexts, but its characteristic key effects remain ‘different practices of inclusion and exclusion’ (Lena Hammergren 2011). In recognition of this, the conference invites contributions exploring and celebrating the multiverse of dance practices, theories, and histories in relation to democratic challenges in a global, yet always also local world. (http://www.nofod.org/conferences/previous-conferences/)
Denne artikkel svarar ikkje på forskingspørsmålet mitt, men med å gå på forestillinga til Ramstad har eg fått inspirasjon eg kan teste ut.
Otto Ramstad's lineage from BodyCartography Project on Vimeo.
Det gneg og gneg
AP 4 og komande eksamensinnlevering gneg på meg kvar einaste dag og time. Aller mest å finne høvelege artiklar og masteroppgåver som passer til spørsmålet mitt. Eg trur ærleg snakka at eg kjem ikkje til å greie det.
Men eg har funne tillegget til G-dokument som legg til litteraturliste i korrekt APA-stil.

søndag 2. desember 2018
Dette er ille
Eg har prøvd å forstå oppgåveteksten til AP4. Eg landar på at eg må abstracten må ende ut med eit hovudspørsmål ettersom ein kan svare på innanfor ein stutt akademisk artikkel. Kor lange ein stutt akademisk artikkel er, veit eg ikkje endå. Eg finn det kanskje ut.
Altså eit spørsmål. '
Eit spørsmål som eg kan finne svaret på innanfor 50 - 150 sider innafor fagfellevurdert artiklar og masteroppgåver. Svaret bør ein greie å finne inni eit- to - tre - fire arbeid.
Det greier eg ikkje. Viss det er eit poeng at forskingspørsmålet mitt skal vera noko genuint kunne tenkt meg å få visst noko om.
Eg har funne, om ikkje svar på det eg lurar på, men nesten:
Helt konge, eleven i dialog med kunst av Torunn Paulsen Dagsland. Superspanande lesestoff, men dette er på 342 sider.
Ungdomens digitale hverdag av Leila Torgersen - berre 91 sider men er frå 2004. Kan det ha skjedd noko på dei 14 åra frå 2004 til 2018?
Mobilfotografiet - undersøkelse av smarttelefon til skapende arbeid av Kristine Norlander, berre 228 sider.
MEN - dette er LANGT over dei bortimot 150 sidene.
MEN - dette er så LANGT det eg har funne som er innom det eg lurar på:
- Er det rimeleg å tru at når eleven får bruke eit verktøy (sin eigen mobiltelefon) som han kjenner vil kunne vera meir kreativ og ha betre skapande prosessar og produkt?
Heldigvis er innleveringa den 10. des. Eg har hatt hjarta i halsen og innbilt meg at det var i morgo. 3. desember.
Nå vil eg vera handverkar nokre timar. Eg vil trykke motiva på skinnfellen eg driv med.

Fokus forskingspørsmål
1. sundag i advendt og sia midten av november har forskingsspørsmålet hatt fokus. Langt over julevask, julebakst og andre juleførebuingar.
Eg har tenkt og spekulert mykje og har kome fram til å designe det gode spørsmålet er særdeles krevjande. Eg har skrivi og fjerne tekst, eg har flytta deler av ordlyden både framover og bakover innanfor dei avgrensa orda i abstrakten (som så vidt eg forstår er eit konsentrat av det eg lurar på).
Og så har eg leita. Leita etter noko som svarer på det eg lurar på.
Eg finn mykje interessant. Både som tangerar og som er langt frå spørsmålet mitt. Like fullt er det interesssant.
Eg trur eg må bite i det sure eplet og innsjå at så langt er det ingen som har forska på det eg spør om. Men eg finn innspel om at mobilen må ut av skulen.
Eg finn innspel om digital disiplin.
Eg finn om mobilfotografiet.
Her kjem ein digresjon: Skulen min hadde for 10 - 12 år sida besøk av Den Kulturelle Skolesekken med ein mobilfotografikunstnar og hadde ein spanande dag saman med 8. klasse.
Eg finn om kreativitet, kopi og orginalitet innanfor kunst og handverk.
Og så kjempar eg med å få tillegget til googledocs som legg inn referanser i APA-stil til å fungere.
Nå må eg og verdens beste KOKS ut på luftetur.

Abonner på:
Kommentarer (Atom)