søndag 2. desember 2018

Dette er ille

Eg har prøvd å forstå oppgåveteksten til AP4.  Eg landar på at eg må abstracten må ende ut med eit hovudspørsmål ettersom ein kan svare på innanfor ein stutt akademisk artikkel.  Kor lange ein stutt akademisk artikkel er,  veit eg ikkje endå.  Eg finn det kanskje ut.
Altså eit spørsmål.  '
Eit spørsmål som eg kan finne svaret på innanfor 50 - 150 sider innafor fagfellevurdert artiklar og masteroppgåver.  Svaret bør ein greie å finne inni  eit- to - tre -  fire arbeid.

Det greier eg ikkje.  Viss det er eit poeng at forskingspørsmålet mitt skal vera  noko  genuint kunne tenkt meg å få visst noko om.

Eg har funne, om ikkje svar på det eg lurar på, men nesten:
Helt konge, eleven i dialog med kunst   av Torunn Paulsen Dagsland.  Superspanande lesestoff, men dette er på 342 sider.
Ungdomens digitale hverdag av Leila Torgersen -  berre 91 sider men er frå 2004. Kan det ha skjedd noko på dei 14 åra frå 2004 til 2018?
Mobilfotografiet - undersøkelse av smarttelefon til skapende arbeid av Kristine Norlander, berre 228 sider.
 
MEN -  dette er LANGT over dei bortimot 150 sidene.
MEN - dette er så LANGT det eg har funne som er innom det eg lurar på:

Er det rimeleg å tru at når eleven får bruke eit verktøy (sin eigen mobiltelefon) som han kjenner vil kunne vera meir kreativ og ha betre skapande prosessar og produkt?


Heldigvis er innleveringa den 10. des. Eg har hatt hjarta i halsen og innbilt meg at det var i morgo. 3. desember.
Nå vil eg vera handverkar nokre timar. Eg vil trykke motiva på skinnfellen eg driv med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar