søndag 9. desember 2018

Otto Ramstads lineage

Laurdag ettermiddag var eg på ein opplevelse der digitale opptak og mennesket blei integrert i ei forteljing.  Det er dansaren Otto Ramstad frå USA som fortel om den norske arven sin.
Det var ei spanande reise gjennom utvandarsoga.
Oldefar til Ramstad hadde kome til Minnesota i 1911. Ramstad fatta interesse for slekt og enda til sist med å reise til Skjåk og fann husmannsplassen Ramstadtrædet. Første turen var for fire år sia.
Dansaren Ramstad har saman med vener laga ei forestilling der bilder, lyd, prat og dans set saman tankar rundt å bryte opp og reise til USA  -  og han fortel om opplevingane han kjende da han kjende slektsbanda.  Han fortalde med ei multimedial forestilling.
Eg tykte forteljinga var rørande og interessant. Og eg likte spesielt godt integreringa av video og kropp.  Når videobildet vart vist på golvet og ulike knurva papir vart lagt på og laga heilt nye bilde og vinklar .  Det skal eg prøve.

Grunnen til at eg fortel dette:  eg les ein fagfelle vurdert artikkel om kritisk pedagogikk og fann dette
The concept of democracy takes on a variety of meanings in different times, places and contexts, but its characteristic key effects remain ‘different practices of inclusion and exclusion’ (Lena Hammergren 2011). In recognition of this, the conference invites contributions exploring and celebrating the multiverse of dance practices, theories, and histories in relation to democratic challenges in a global, yet always also local world. (http://www.nofod.org/conferences/previous-conferences/)

Denne artikkel svarar ikkje på forskingspørsmålet mitt, men med å gå på forestillinga til Ramstad har eg fått inspirasjon eg kan teste ut.
Otto Ramstad's lineage from BodyCartography Project on Vimeo.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar