1. sundag i advendt og sia midten av november har forskingsspørsmålet hatt fokus. Langt over julevask, julebakst og andre juleførebuingar.
Eg har tenkt og spekulert mykje og har kome fram til å designe det gode spørsmålet er særdeles krevjande. Eg har skrivi og fjerne tekst, eg har flytta deler av ordlyden både framover og bakover innanfor dei avgrensa orda i abstrakten (som så vidt eg forstår er eit konsentrat av det eg lurar på).
Og så har eg leita. Leita etter noko som svarer på det eg lurar på.
Eg finn mykje interessant. Både som tangerar og som er langt frå spørsmålet mitt. Like fullt er det interesssant.
Eg trur eg må bite i det sure eplet og innsjå at så langt er det ingen som har forska på det eg spør om. Men eg finn innspel om at mobilen må ut av skulen.
Eg finn innspel om digital disiplin.
Eg finn om mobilfotografiet.
Her kjem ein digresjon: Skulen min hadde for 10 - 12 år sida besøk av Den Kulturelle Skolesekken med ein mobilfotografikunstnar og hadde ein spanande dag saman med 8. klasse.
Eg finn om kreativitet, kopi og orginalitet innanfor kunst og handverk.
Og så kjempar eg med å få tillegget til googledocs som legg inn referanser i APA-stil til å fungere.
Nå må eg og verdens beste KOKS ut på luftetur.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar