torsdag 29. november 2018

Angrar, angrar, angrar

Eg angrar på at eg gjekk for eit forskningspørsmål som eg lurar på: korleis blir mobiltelefon til elevane  nytta i KH? Eg lar dei bruke telefon til alt.  Det medførar sjølsagt at folk blir bortevekk i alt spennande som finst -  og er jobben min å minne om digital disiplin. At det er ei kunst å bruke telefon som verktøy og ikkje som underhalding når det er ei oppgåve som skal løysast.

Til andre tider på døgnet er svært mange av elevane limt til telefon. Eg har ei svak erfaring med at deiras komfortsone er ganske så avgrensa -  så å utvide denne er også ei utfordring.
Eg har bestemt meg for at når gruppearbeidet med å bygge modell av ein gitt bygning i eit gitt material og i gitt klima er ferdig,  skal gruppene bruke mobiltelefon og filme produktet sitt og samstundes prate om kva dei tenkte med ei klimatiske utfordringane.  Og så laste opp snutten til Its L.  Den største utfordringa er sikkert der.

Der skreiv eg meg varm att.  Attende til det eg angar på.  Eg burde ha funne eit problem det allereie var forska på.
Sånn kan det gå -  og så innbiller eg meg at det er Norge som den velståande teknofriknasjon vi er, og med  mange smarttelefonar, så er grunnlaget for at forsking på bruk av elevtelefonane i undervisinga finst.

Men eg har ikkje funne noko.  Må få med meg inspektør Snusen.

Bli stjerne på skjermen



Her kan vi bli stjerner på skjermen alle saman.  Det ser ut til å vera ganske så greitt å lage til dømens introfilm.  Blir moro å prøve dette.
Litt på sida av det eg leitar etter, men moro lell.  Alt eg kan og får til, kan kome til nytte ein gong.  Det er gull å utvide repertoaret sitt.

onsdag 28. november 2018

På tomgang

I dag har studeringa gått på tomgang.  Etter jobb og middag vart eg sitjande å sjå på sjakk.  Eg skjønar ikkje så mykje av spelet, men med engasjert kommentator var det verkeleg ei oppvisning. Då tenkte eg; engasjerte folk er gode formidlarar.
Det er sikkert slik med lærarar og -  når dei gyv på med emner og interessefelt,  så er dei nok på sitt beste!

mandag 26. november 2018

Finn mykje anna interessant

Eg visste ikkje at det var så mykje interssant  -  eg måtte finne det først.
Som for eksempel denne om  PADAGOGISK  om bruk av pad og apper.  Om ein ikkje har pad, så er det nok overførbart.  Eg måtte berre stoppe opp ved denne.

torsdag 22. november 2018

Trur eg har løyst koda


Da er eg ganske så nøgd, eg trur eg har greidd å finne skilnaden på kunstnerisk pedagogisk forskning og didaktisk kunstnerisk utviklingsarbeid.
Da blir det kanskje lettare å finne det gode forskingsspørsmålet.  Dess meir eg les og prøvar å forstå, dess meir lurar eg på.  Eg har funne mange forskarspørsmål.
Om korleis læreplan i KH blir operasjonalisert rundt om i landet?
Korleis blir tankegodset om "Big Ideas" brukt i KH?
Påverkar læerens kompetanse korleis operasjonaliseringa blir gjort?
Kva med vurderingsarbeidet?
Er det skilnad på vurdering utifrå kva kompetanseprofil KH-læraren har?
Korleis veg læraren dei ymse fagfelta når standpunkt blir sett?
Korleis øve elevane i kreative prosesser?
Korleis utnytte elevkompetansen innafor sosiale medier med oppgåver i KH under fagfanen visuell kvalitet?
Kva er visuell kvalitet?
Korleis motivere elevane i kreativt skapande prosesser?
Kvar skaffar KH- læraren seg filmfagleg kompetanse?
Kvar skaffar KH-læraren seg kompetanse og trykk og strekk-krefter i konstuksjonar?
Kvar kan eg finne håndverksmessig pedagogisk forskning?

Og guri malla  -  har du lese
Rammeverk for lærerens profesjonsfaglige digitale kompetanse

Eg har såvidt teke til.  Eg veit ikkje kva eg trur akkurat nå.


tirsdag 20. november 2018

Jakt etter kunnskap

Ny arbeidsperiode med nye ting som skal lærast.  Denne gongen er det å utvide sin horisont med å søke etter kunnskap i bibliotekbaser.  Det er direkte link til Oria, så inngangen der er lett.
Etterpå krevs det meir.  Å finne  søkeord som dekker det eg er på jakt etter.  Artiklar eller masteroppgåver som kan si meg noko om digital kompetanse innan kunst og handverk. Eller om skills innan digitale program nesten kan reknast som eit handverk. Eller om den digitale kompetansen eller mangel på kompetanse påverkar korleis læraren tolkar læreplanmåla og korleis dette påverkar vurderingsarbeidet. Eller korleis lage gode prosesser rundt utforsking, utprøving og å lage film  -  som er eit av kunnskapsmåla for 8. - 10. trinn.

tirsdag 13. november 2018

Treng laservater - utstillinga oppe

 Utanifrå
Inne

Da er utstillinga på plass og det vart ikkje noko bra i dagsljos.
 For det fyrste så må eg kjøpe ein laservater.  For å få utstillinga i lodd. 
Det er alltid vanskeleg å velgje kva bilde som skal henge ved sida av kvarandre og kor lang avstand det skal vera mellom kvart objekt.
For det andre så vart bakgrunnen for uroleg. 
Men ideen om at folk som går forbi skal stoppe opp og sjå, fungerte. 
Eg har observert at folk sakka på og såg litt ekstra nøye.
Så eg må nok flytte til ein kvitmåla betongvegg. 
Det kan bli bra. 
Då har eg utfordringa med korleis å feste i betongen. 
Eller eg kan bruke den djup raude veggen med eit eller anna slags plate som det er nesten enkelt å bruke pin til å feste med. 
Den veggen var det skolekunnig arkitekt som plasserte da vi renoverte skulen. 
Fordi vi ville ha ein vegg til utstilling av elevarbeid.
Og der er det elevarbeid akkurat nå. 



mandag 12. november 2018

Kurator trengst, separatutstilling

Sjå der,  der er det ferdig til presentasjon. 
Ei separatutstilling. 
Denne er rigga slik at det skal kunne bli sett frå begge sider.  Kantinen til skulen er på bakkeplan og ein gangstig går like inntil vindauga.  Bilda skal henge på vindauga. 
Fotoboka og brosjyrer skal ligge på  eit av borda ved vindauga. 
Så får det gå som det går. 
Eg skjønar godt at kurator er ein profesjon -  noko du kan utdanne deg til og som får jobb på galleri og museer. 
Likeleis  med layout  -  eller bladbunad.  Det er grafisk arbeid og det som eg tykte vart litt vanskeleg for meg, var å tenke etter kven som er målgruppa for arbeidet.  Både den fysisk boka og bilda.
Målgruppa har også ei rolle når eg skal lage ein produksjon.   
  Bilda blir forsterka eller redusert med kva som er rundt.  
Ein god rammemaker lyftar bildet med passpartour og ramme rundt. 
Det er eit handverk. 

japansk bokbinding

Yes - det var ikkje vanskeleg med japanske bokbinding! Eg brukte denne som lærar.