Inne
Da er utstillinga på plass og det vart ikkje noko bra i dagsljos.
For det fyrste så må eg kjøpe ein laservater. For å få utstillinga i lodd.
Det er alltid vanskeleg å velgje kva bilde som skal henge ved sida av kvarandre og kor lang avstand det skal vera mellom kvart objekt.
For det andre så vart bakgrunnen for uroleg.
Men ideen om at folk som går forbi skal stoppe opp og sjå, fungerte.
Eg har observert at folk sakka på og såg litt ekstra nøye.
Så eg må nok flytte til ein kvitmåla betongvegg.
Det kan bli bra.
Då har eg utfordringa med korleis å feste i betongen.
Eller eg kan bruke den djup raude veggen med eit eller anna slags plate som det er nesten enkelt å bruke pin til å feste med.
Den veggen var det skolekunnig arkitekt som plasserte da vi renoverte skulen.
Fordi vi ville ha ein vegg til utstilling av elevarbeid.
Og der er det elevarbeid akkurat nå.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar