Ny arbeidsperiode med nye ting som skal lærast. Denne gongen er det å utvide sin horisont med å søke etter kunnskap i bibliotekbaser. Det er direkte link til Oria, så inngangen der er lett.
Etterpå krevs det meir. Å finne søkeord som dekker det eg er på jakt etter. Artiklar eller masteroppgåver som kan si meg noko om digital kompetanse innan kunst og handverk. Eller om skills innan digitale program nesten kan reknast som eit handverk. Eller om den digitale kompetansen eller mangel på kompetanse påverkar korleis læraren tolkar læreplanmåla og korleis dette påverkar vurderingsarbeidet. Eller korleis lage gode prosesser rundt utforsking, utprøving og å lage film - som er eit av kunnskapsmåla for 8. - 10. trinn.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar