Ein blogg som viser vegen min når eg skal utvikle digital kompetanse. Det er kompetanse som kjem til nytte som KH-lærar, men også i andre område jobb og fritid.
torsdag 22. november 2018
Trur eg har løyst koda
Da er eg ganske så nøgd, eg trur eg har greidd å finne skilnaden på kunstnerisk pedagogisk forskning og didaktisk kunstnerisk utviklingsarbeid.
Da blir det kanskje lettare å finne det gode forskingsspørsmålet. Dess meir eg les og prøvar å forstå, dess meir lurar eg på. Eg har funne mange forskarspørsmål.
Om korleis læreplan i KH blir operasjonalisert rundt om i landet?
Korleis blir tankegodset om "Big Ideas" brukt i KH?
Påverkar læerens kompetanse korleis operasjonaliseringa blir gjort?
Kva med vurderingsarbeidet?
Er det skilnad på vurdering utifrå kva kompetanseprofil KH-læraren har?
Korleis veg læraren dei ymse fagfelta når standpunkt blir sett?
Korleis øve elevane i kreative prosesser?
Korleis utnytte elevkompetansen innafor sosiale medier med oppgåver i KH under fagfanen visuell kvalitet?
Kva er visuell kvalitet?
Korleis motivere elevane i kreativt skapande prosesser?
Kvar skaffar KH- læraren seg filmfagleg kompetanse?
Kvar skaffar KH-læraren seg kompetanse og trykk og strekk-krefter i konstuksjonar?
Kvar kan eg finne håndverksmessig pedagogisk forskning?
Og guri malla - har du lese
Rammeverk for lærerens profesjonsfaglige digitale kompetanse
Eg har såvidt teke til. Eg veit ikkje kva eg trur akkurat nå.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar