mandag 12. november 2018

Kurator trengst, separatutstilling

Sjå der,  der er det ferdig til presentasjon. 
Ei separatutstilling. 
Denne er rigga slik at det skal kunne bli sett frå begge sider.  Kantinen til skulen er på bakkeplan og ein gangstig går like inntil vindauga.  Bilda skal henge på vindauga. 
Fotoboka og brosjyrer skal ligge på  eit av borda ved vindauga. 
Så får det gå som det går. 
Eg skjønar godt at kurator er ein profesjon -  noko du kan utdanne deg til og som får jobb på galleri og museer. 
Likeleis  med layout  -  eller bladbunad.  Det er grafisk arbeid og det som eg tykte vart litt vanskeleg for meg, var å tenke etter kven som er målgruppa for arbeidet.  Både den fysisk boka og bilda.
Målgruppa har også ei rolle når eg skal lage ein produksjon.   
  Bilda blir forsterka eller redusert med kva som er rundt.  
Ein god rammemaker lyftar bildet med passpartour og ramme rundt. 
Det er eit handverk. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar