torsdag 29. november 2018

Angrar, angrar, angrar

Eg angrar på at eg gjekk for eit forskningspørsmål som eg lurar på: korleis blir mobiltelefon til elevane  nytta i KH? Eg lar dei bruke telefon til alt.  Det medførar sjølsagt at folk blir bortevekk i alt spennande som finst -  og er jobben min å minne om digital disiplin. At det er ei kunst å bruke telefon som verktøy og ikkje som underhalding når det er ei oppgåve som skal løysast.

Til andre tider på døgnet er svært mange av elevane limt til telefon. Eg har ei svak erfaring med at deiras komfortsone er ganske så avgrensa -  så å utvide denne er også ei utfordring.
Eg har bestemt meg for at når gruppearbeidet med å bygge modell av ein gitt bygning i eit gitt material og i gitt klima er ferdig,  skal gruppene bruke mobiltelefon og filme produktet sitt og samstundes prate om kva dei tenkte med ei klimatiske utfordringane.  Og så laste opp snutten til Its L.  Den største utfordringa er sikkert der.

Der skreiv eg meg varm att.  Attende til det eg angar på.  Eg burde ha funne eit problem det allereie var forska på.
Sånn kan det gå -  og så innbiller eg meg at det er Norge som den velståande teknofriknasjon vi er, og med  mange smarttelefonar, så er grunnlaget for at forsking på bruk av elevtelefonane i undervisinga finst.

Men eg har ikkje funne noko.  Må få med meg inspektør Snusen.

1 kommentar:

  1. Har du sett på Monitor-undersøkelsene? Lurer på om det er noe om mobiltelefon der..

    SvarSlett