søndag 16. desember 2018

Å leite på nettet


Denne kjøleskåpmagneten kjøpte eg å Åsentunet for mange ås sia. Det er slik når eg leitar på nettet.

Meir mindmapping


Sjå her   -  kanskje dette er noko for alle og einkvar.
https://www.lucidchart.com      eller kanskje denne:  https://app.mindmapmaker.org




Eksamensmodus

Det duftar kongerøkelse, det er brenn på omnane, det er tredje sundag i advent og eg gjer så godt eg kan med å vera i eksamenmodus.
Da må eg melde at eg likar at det er avgrensingar på det vi skal skrive.  Ca 250 ord.  Det gjer at "kill my darlings" er viktig.  Eg er i gang med det. Kill my darlings, altså.

søndag 9. desember 2018

Otto Ramstads lineage

Laurdag ettermiddag var eg på ein opplevelse der digitale opptak og mennesket blei integrert i ei forteljing.  Det er dansaren Otto Ramstad frå USA som fortel om den norske arven sin.
Det var ei spanande reise gjennom utvandarsoga.
Oldefar til Ramstad hadde kome til Minnesota i 1911. Ramstad fatta interesse for slekt og enda til sist med å reise til Skjåk og fann husmannsplassen Ramstadtrædet. Første turen var for fire år sia.
Dansaren Ramstad har saman med vener laga ei forestilling der bilder, lyd, prat og dans set saman tankar rundt å bryte opp og reise til USA  -  og han fortel om opplevingane han kjende da han kjende slektsbanda.  Han fortalde med ei multimedial forestilling.
Eg tykte forteljinga var rørande og interessant. Og eg likte spesielt godt integreringa av video og kropp.  Når videobildet vart vist på golvet og ulike knurva papir vart lagt på og laga heilt nye bilde og vinklar .  Det skal eg prøve.

Grunnen til at eg fortel dette:  eg les ein fagfelle vurdert artikkel om kritisk pedagogikk og fann dette
The concept of democracy takes on a variety of meanings in different times, places and contexts, but its characteristic key effects remain ‘different practices of inclusion and exclusion’ (Lena Hammergren 2011). In recognition of this, the conference invites contributions exploring and celebrating the multiverse of dance practices, theories, and histories in relation to democratic challenges in a global, yet always also local world. (http://www.nofod.org/conferences/previous-conferences/)

Denne artikkel svarar ikkje på forskingspørsmålet mitt, men med å gå på forestillinga til Ramstad har eg fått inspirasjon eg kan teste ut.
Otto Ramstad's lineage from BodyCartography Project on Vimeo.

Det gneg og gneg

AP 4 og komande eksamensinnlevering gneg på meg kvar einaste dag og time. Aller mest å finne høvelege artiklar og masteroppgåver som passer til spørsmålet mitt.  Eg trur ærleg snakka at eg kjem ikkje til å greie det.
Men eg har funne tillegget til G-dokument som legg til litteraturliste i korrekt APA-stil. 

søndag 2. desember 2018

Dette er ille

Eg har prøvd å forstå oppgåveteksten til AP4.  Eg landar på at eg må abstracten må ende ut med eit hovudspørsmål ettersom ein kan svare på innanfor ein stutt akademisk artikkel.  Kor lange ein stutt akademisk artikkel er,  veit eg ikkje endå.  Eg finn det kanskje ut.
Altså eit spørsmål.  '
Eit spørsmål som eg kan finne svaret på innanfor 50 - 150 sider innafor fagfellevurdert artiklar og masteroppgåver.  Svaret bør ein greie å finne inni  eit- to - tre -  fire arbeid.

Det greier eg ikkje.  Viss det er eit poeng at forskingspørsmålet mitt skal vera  noko  genuint kunne tenkt meg å få visst noko om.

Eg har funne, om ikkje svar på det eg lurar på, men nesten:
Helt konge, eleven i dialog med kunst   av Torunn Paulsen Dagsland.  Superspanande lesestoff, men dette er på 342 sider.
Ungdomens digitale hverdag av Leila Torgersen -  berre 91 sider men er frå 2004. Kan det ha skjedd noko på dei 14 åra frå 2004 til 2018?
Mobilfotografiet - undersøkelse av smarttelefon til skapende arbeid av Kristine Norlander, berre 228 sider.
 
MEN -  dette er LANGT over dei bortimot 150 sidene.
MEN - dette er så LANGT det eg har funne som er innom det eg lurar på:

Er det rimeleg å tru at når eleven får bruke eit verktøy (sin eigen mobiltelefon) som han kjenner vil kunne vera meir kreativ og ha betre skapande prosessar og produkt?


Heldigvis er innleveringa den 10. des. Eg har hatt hjarta i halsen og innbilt meg at det var i morgo. 3. desember.
Nå vil eg vera handverkar nokre timar. Eg vil trykke motiva på skinnfellen eg driv med.

Fokus forskingspørsmål

1. sundag i advendt og sia midten av november har forskingsspørsmålet hatt fokus.  Langt over julevask, julebakst og andre juleførebuingar.
Eg har tenkt og spekulert mykje og har kome fram til å designe det gode spørsmålet er særdeles krevjande.  Eg har skrivi og fjerne tekst,  eg har flytta deler av ordlyden både framover og bakover innanfor dei avgrensa orda i abstrakten (som så vidt eg forstår er eit konsentrat av det eg lurar på).
Og så har eg leita.  Leita etter noko som svarer på det eg lurar på.
Eg finn mykje interessant.  Både som tangerar og som er langt frå spørsmålet mitt.  Like fullt er det interesssant.
Eg trur eg må bite i det sure eplet og innsjå at så langt er det ingen som har forska på det eg spør om. Men eg finn innspel om at mobilen må ut av skulen.
Eg finn innspel om digital disiplin.
Eg finn om mobilfotografiet.
Her kjem ein digresjon: Skulen min hadde for 10 - 12 år sida besøk av Den Kulturelle Skolesekken med ein mobilfotografikunstnar og hadde ein spanande dag saman med 8. klasse.
Eg finn om kreativitet, kopi og orginalitet innanfor kunst og handverk.

Og så kjempar eg med å få tillegget til googledocs som legg inn referanser i APA-stil til å fungere.

Nå må eg og verdens beste KOKS ut på luftetur.

torsdag 29. november 2018

Angrar, angrar, angrar

Eg angrar på at eg gjekk for eit forskningspørsmål som eg lurar på: korleis blir mobiltelefon til elevane  nytta i KH? Eg lar dei bruke telefon til alt.  Det medførar sjølsagt at folk blir bortevekk i alt spennande som finst -  og er jobben min å minne om digital disiplin. At det er ei kunst å bruke telefon som verktøy og ikkje som underhalding når det er ei oppgåve som skal løysast.

Til andre tider på døgnet er svært mange av elevane limt til telefon. Eg har ei svak erfaring med at deiras komfortsone er ganske så avgrensa -  så å utvide denne er også ei utfordring.
Eg har bestemt meg for at når gruppearbeidet med å bygge modell av ein gitt bygning i eit gitt material og i gitt klima er ferdig,  skal gruppene bruke mobiltelefon og filme produktet sitt og samstundes prate om kva dei tenkte med ei klimatiske utfordringane.  Og så laste opp snutten til Its L.  Den største utfordringa er sikkert der.

Der skreiv eg meg varm att.  Attende til det eg angar på.  Eg burde ha funne eit problem det allereie var forska på.
Sånn kan det gå -  og så innbiller eg meg at det er Norge som den velståande teknofriknasjon vi er, og med  mange smarttelefonar, så er grunnlaget for at forsking på bruk av elevtelefonane i undervisinga finst.

Men eg har ikkje funne noko.  Må få med meg inspektør Snusen.

Bli stjerne på skjermen



Her kan vi bli stjerner på skjermen alle saman.  Det ser ut til å vera ganske så greitt å lage til dømens introfilm.  Blir moro å prøve dette.
Litt på sida av det eg leitar etter, men moro lell.  Alt eg kan og får til, kan kome til nytte ein gong.  Det er gull å utvide repertoaret sitt.

onsdag 28. november 2018

På tomgang

I dag har studeringa gått på tomgang.  Etter jobb og middag vart eg sitjande å sjå på sjakk.  Eg skjønar ikkje så mykje av spelet, men med engasjert kommentator var det verkeleg ei oppvisning. Då tenkte eg; engasjerte folk er gode formidlarar.
Det er sikkert slik med lærarar og -  når dei gyv på med emner og interessefelt,  så er dei nok på sitt beste!

mandag 26. november 2018

Finn mykje anna interessant

Eg visste ikkje at det var så mykje interssant  -  eg måtte finne det først.
Som for eksempel denne om  PADAGOGISK  om bruk av pad og apper.  Om ein ikkje har pad, så er det nok overførbart.  Eg måtte berre stoppe opp ved denne.

torsdag 22. november 2018

Trur eg har løyst koda


Da er eg ganske så nøgd, eg trur eg har greidd å finne skilnaden på kunstnerisk pedagogisk forskning og didaktisk kunstnerisk utviklingsarbeid.
Da blir det kanskje lettare å finne det gode forskingsspørsmålet.  Dess meir eg les og prøvar å forstå, dess meir lurar eg på.  Eg har funne mange forskarspørsmål.
Om korleis læreplan i KH blir operasjonalisert rundt om i landet?
Korleis blir tankegodset om "Big Ideas" brukt i KH?
Påverkar læerens kompetanse korleis operasjonaliseringa blir gjort?
Kva med vurderingsarbeidet?
Er det skilnad på vurdering utifrå kva kompetanseprofil KH-læraren har?
Korleis veg læraren dei ymse fagfelta når standpunkt blir sett?
Korleis øve elevane i kreative prosesser?
Korleis utnytte elevkompetansen innafor sosiale medier med oppgåver i KH under fagfanen visuell kvalitet?
Kva er visuell kvalitet?
Korleis motivere elevane i kreativt skapande prosesser?
Kvar skaffar KH- læraren seg filmfagleg kompetanse?
Kvar skaffar KH-læraren seg kompetanse og trykk og strekk-krefter i konstuksjonar?
Kvar kan eg finne håndverksmessig pedagogisk forskning?

Og guri malla  -  har du lese
Rammeverk for lærerens profesjonsfaglige digitale kompetanse

Eg har såvidt teke til.  Eg veit ikkje kva eg trur akkurat nå.


tirsdag 20. november 2018

Jakt etter kunnskap

Ny arbeidsperiode med nye ting som skal lærast.  Denne gongen er det å utvide sin horisont med å søke etter kunnskap i bibliotekbaser.  Det er direkte link til Oria, så inngangen der er lett.
Etterpå krevs det meir.  Å finne  søkeord som dekker det eg er på jakt etter.  Artiklar eller masteroppgåver som kan si meg noko om digital kompetanse innan kunst og handverk. Eller om skills innan digitale program nesten kan reknast som eit handverk. Eller om den digitale kompetansen eller mangel på kompetanse påverkar korleis læraren tolkar læreplanmåla og korleis dette påverkar vurderingsarbeidet. Eller korleis lage gode prosesser rundt utforsking, utprøving og å lage film  -  som er eit av kunnskapsmåla for 8. - 10. trinn.

tirsdag 13. november 2018

Treng laservater - utstillinga oppe

 Utanifrå
Inne

Da er utstillinga på plass og det vart ikkje noko bra i dagsljos.
 For det fyrste så må eg kjøpe ein laservater.  For å få utstillinga i lodd. 
Det er alltid vanskeleg å velgje kva bilde som skal henge ved sida av kvarandre og kor lang avstand det skal vera mellom kvart objekt.
For det andre så vart bakgrunnen for uroleg. 
Men ideen om at folk som går forbi skal stoppe opp og sjå, fungerte. 
Eg har observert at folk sakka på og såg litt ekstra nøye.
Så eg må nok flytte til ein kvitmåla betongvegg. 
Det kan bli bra. 
Då har eg utfordringa med korleis å feste i betongen. 
Eller eg kan bruke den djup raude veggen med eit eller anna slags plate som det er nesten enkelt å bruke pin til å feste med. 
Den veggen var det skolekunnig arkitekt som plasserte da vi renoverte skulen. 
Fordi vi ville ha ein vegg til utstilling av elevarbeid.
Og der er det elevarbeid akkurat nå. 



mandag 12. november 2018

Kurator trengst, separatutstilling

Sjå der,  der er det ferdig til presentasjon. 
Ei separatutstilling. 
Denne er rigga slik at det skal kunne bli sett frå begge sider.  Kantinen til skulen er på bakkeplan og ein gangstig går like inntil vindauga.  Bilda skal henge på vindauga. 
Fotoboka og brosjyrer skal ligge på  eit av borda ved vindauga. 
Så får det gå som det går. 
Eg skjønar godt at kurator er ein profesjon -  noko du kan utdanne deg til og som får jobb på galleri og museer. 
Likeleis  med layout  -  eller bladbunad.  Det er grafisk arbeid og det som eg tykte vart litt vanskeleg for meg, var å tenke etter kven som er målgruppa for arbeidet.  Både den fysisk boka og bilda.
Målgruppa har også ei rolle når eg skal lage ein produksjon.   
  Bilda blir forsterka eller redusert med kva som er rundt.  
Ein god rammemaker lyftar bildet med passpartour og ramme rundt. 
Det er eit handverk. 

japansk bokbinding

Yes - det var ikkje vanskeleg med japanske bokbinding! Eg brukte denne som lærar.

tirsdag 30. oktober 2018

Plakat , insekt

Nytt forsøk,  denne gongen med insekter i hovudrollen. 
Plakaten er laga i publiser i A3-format. Eg starta utan mal. 

Utstillingsbilder, versjon 2


Det er same insektet, variert i storleik og om det er høgre eller venstre vendt


Her er det berre storleiken som er justert


Eg har eg også brukt handle transform tool

Nytt emne, sentrale stjerner




Bilda har eg funne på https://pxhere.com og er frilagt i GIMP.  Eg brukte fyrst fuzzy selekt tool.  Det " rusket" som vart att av farger frå bakgrunnen  brukte eg eraser til og lagra som png-fil.  Eg opna nytt dokumnet, ergo fekk eg kvit bakgrunn og la på layer med insektet.  Da vart det lett å viske ut resten. Så var det berre å lagre og ha ferdigpussa insekt til å setja inn i bilda.


Publikasjon og plakat laga eg i publiser,  ganske greitt å bruke dette når eg starta på tom mal og brukte hjelpeliner.

"nå kommer jeg og tar deg...."

Da er eg ferdig med ny runde.  Det er nytt tema:  "Nå kommer jeg og tar deg..." Eg høyrde i radioen, og fann på nrk.no 
og vart sjokkert: Reduksjon i antal insekter er dramatisk.  Reporteren i radio sa at mengden insekt har vorte resusert med 75 % i løpet av dei tretti siste åra.  Undersøkinga er gjennomført av forskarar frå Radboud-universitet i Nederland og Entomoligical Society Krefeld i Tyskland.  Dei har brukt avanserte insektsfeller og finn reduksjon i total biomasse.  Undersøkingane er gjort i 63 naturreservat i Tyskland.  Reservata var oppretta for å ta vare på mangfaldet.
Undersøkinga er også publisert her
Dette er skræmande lesnad, ettersom eg erkjenner at insekter er navet i økosystemet. Utan dei vil fuglar og dyr ikkje ha mat,  mange plantar får ikkje bestøva seg og spreidd frøa sine, nedbrytinga av organisk material vil stoppe opp.
Vi og alt som lever og veks i naturen er avhenging av insekter.
Monokulturar og mykje bruk av sprøytemiddel gjer livet surt for mange insekt.
Kva om insekta muterte og vart store  -  så store at dei  kunne kome og ta oss. For å vise oss den rettmessige plassen dei har i økosystem.







mandag 29. oktober 2018

Kan det vera noko å henter her?

http://www.petterandresen.no/kreativitet/05_kreativitet.html

Må sjekke!
Jepp - nå er eg i modus 7.

Kreativ utstilling på komando

Å vera kreativ på komando er neimen ikkje lett. Det er det vi forventar at elevane våre skal greie.  Kvar veke.  Kvar månad, kvart skuleår.

Kreative prosesser er det eg tek i bruk når eg har eit problem som  må løysast.  Dess meir eg kan om emnet problement er i,  dess lettare er det å aktivere reportoaret av ferdigheit og innsikt som eg har frå før.  Viss eg manglar kunnskap om emnet, må eg prøve å tenke etter om eg har vore borti noko liknade tidlegare.  Eg må dele opp problemet.
Da kan utfordringa bli lettare å handtere.

Det går føre seg ein prosess både i medveten og i umedveten tilstand.  Det blir altoppslukande.  Det blir etterkvart ei løysing.
Eg tenker eg å ta til på nytt.
Førre månadag sat eg her og var skikkeleg tilfreds med ideen min.  Nå har eg sett glimt av korleis dei andre på gruppa har løyst utfordringa.
Eg føler meg skikkeleg lost-
Det er nok slik elevane har det og.  Når dei tykkjer dei andre har laga noko som er SÅ bra og KULT.

Da er det viktig å hugse ein replikk frå Peer Gynt.  I ei scene si Peer:  Det eg kan, kan ingen an!

Så kjem neste tvil snikande;  gjorde eg nok? Jobba eg godt nok? Kva er godt nok? Er det eg som skal vera tilferds?  Er det dei andre, dei som ser på som skal vera tilfreds?




mandag 22. oktober 2018

Utstillingsbilder

 Du er aldri åleine -  det kan vera einkvan som ser
 Du er aldri åleine - det kan vera einkvan som ser
Du er aldri åleine - det er dei som ser og hjelp til
Du er aldri åleine  -  det er einkvan som ser
Du er aldri åleine  det er einkvan som ser og støttar












søndag 21. oktober 2018

Nye Gimp-triks

Det er ikkje sikkert eg får til ynskja resultat, men må prøve.  Videolærarar finst det mange av på det store nettet.  Youtube svara fort da eg spurde: how to make a color transparent in gimp ?
Videoen var stutt.  For sjå kor lettlært eg er.
Langt ifrå  -  det var ikkje dette eg er på jakt etter. 
Fyrst på da eg dreiv og testa alle komandoar på Gimp trur eg at eg var innom det eg nå er på jakt etter.  Må berre teste meir.

Kanskjer litt lengre

Akkuratt nå er planen at denne skal få ei rolle i utstillinga. Han vart frilagt frå bakgrunnen sin med å bruke fuzzy select tool pluss litt viskelær.  Så var det å finne miljøbildet til han.  Det er pinadø vanskeleg. Heldigvis har eg funne att ei tube med Voltraren forte.  Det trengs til høgre underarm. Kanskje eg må ha ei anna mus.  Eg har slutta å krafse på flat-musa, har funne fram att ei gamal ordinær mus med lang leidning.  Bror min sa at det finst betre ergometriske mys.

fredag 19. oktober 2018

Ny periode - nytt oppdrag; UTSTILLING

Oppdraget er å lage ei utstilling, oi -  oi

Du skal bruke individuelle «funnet» fotografier (som du ikke har tatt, men som ligger i det fri på aktuelle delingstjenester) og bearbeide disse slik at de sett samlet, forteller en ny fortelling (og gjerne en helt annen fortelling) enn de gjorde individuelt i utgangspunktet. Utstillingen på skolen skal kunne vise hvordan bilder som ligger ute kan brukes og misbrukes av andre, til å fortelle noe nytt, noe tatt hvor de originale arbeidene er tatt ut av kontekst. Denne fysiske utstillingen skal bestå av ca. 5-10 fotoarbeider. Du skal også lage en fotobok. 
Akkurat nå kjenner eg at eg er meir handverkar enn kunstnar.
Men eg må. Må gjera så godt eg kan. Det gjer eg her og.  Eg driv og skiftar verveggen. Og tenker på korleis eg skal løyse kunstoppgåva.


mandag 15. oktober 2018

Som tida går

I dag er det innleveringsfrist og eg ser på jobben eg har gjort.
Eg er ikkje nøgd med produket mitt. 
Har sett ein del andre løysingar  -  men nå er løpet kjørt.
Levert er levert.

torsdag 4. oktober 2018

Konseptkunst




Jammen er det mykje å studere på!  Her er det påfyll.
Etter eg hadde sett på dette,  da bestemte eg meg.  Nå har eg laga fyrste utkast til svar på oppgåven AP 2 som har leveringsfrist 15. oktober.  Eg kjem nok til å justere den mange gonger.

Utvidar horisonten

I dag sønr det.
Det har kome vel 5 cm og når bilen framleis har sommardekk og eg har studier å gyve laus på,  så passar det fint å ha haustferie.

Først var det å lesa masteroppgåver.  Der går det an å få nye tankar å tenke.
Etterpå var det tid for John Berger. Heldigvis har eg Cromcast så det var berre å slenge seg i sofaen å følgje med. Med fyr på omn så vart det retteleg så triveleg.

Nå har eg att episode 4.  Berger har interessante betraktningar rund dette å sjå på måleri.  Eg hadde ikkje tenkt over at å sjå på vart annleis når fotografiet kom og det går an å mangfaldgjera eit bilde av eit kunstverk.

Da gjekk eg ut å laga ein snømann.
Etterpå gjekk Koks og eg tur i snøslapset.



tirsdag 25. september 2018

Kaffe kurerer knurr og gruff



Jippi -  kaffi kurerer alt -  i allefall i dag.  Det var berre å dra pusten og søke på Youtube! Youtube har løysing på alt.

Dette er første versjon.  Med same bilda og anna lyd blir produksjon annleis, med  andre bilde og same lyd,  da blir det eit anna uttrykk.

Eg har prioritert å leike med Audacity og produsere lyd.  Lyden blir ulik om ein knurvar ein plastpose eller om ein dreg handa langsmed.  Gladpack gjev ein anna lyd enn standard brødpose. Utforsking av lyd og lydeffekter er nok ikkje over i ei handvending.

Det er langt mellom loppemarked her i området, så det vart eit besøk på bruktbua.  Der er det alltids noko som vil bli med heim,  denne gongen ei lita sykjerring.
Ho fekk hovudrolla i eit døgna arbeid.  Ho vart testa og "GIMPA"  opp og ned at att og fram.  Ho enda med mosaikkfilter i system. Intervall frå null til 150 pixel i heksagon-diameter. Anslaget er ein pling ( frå eit glas) og så knitrelyd som skal underbyggje endring i utsjånad på tredokka.
Så kjøpte eg meg MOVAVI redigeringsprogram. Eg har tidlegare brukt MovieMaker 2.6 og litt Pinnacle.  Det eg ikkje fekk til som eg ville, var få overgangane  til å bli glidane overgang mellom kvart bilde. Her er kvart bilde sett til 2 sek. Tanken var å bruke eit halv sekund fram og bak på kvart motiv.  Det fekk eg ikkje til, for programmet blanda seg borti og varierte overgangane. Kanskjer eg greier det på neste versjon.  Dette er eit klypp som er tenkt gå i loop.
Ikkje heilt vedllykka, men ein brukbar start.
Nå må det blir meir kaffi!

NEI, nå!

Eg har allereie konto på Youtube og eg vil laste opp der sjøl!
Nå har eg mora meg med å lage lyd av allslag,  så lydmappa fyllest opp av rare, brukbare, heilt dumme, men morosame lydar. Og eg bestemte meg for at kjerringa


frå bruktbutikken skulle få hovudrolla i "videokunsten" eg skulle mekke ihop. 

Eg styra på og GIMPA kjerringa både hit og dit, og bestemte meg for at denne gongen skulle fana filter testast. 
Og det har eg gjort. Nesten alle variantar.  
Eg hugsar nesten alle -  eg slepp å leite så lenge for å finne at effekten. 
Så gav eg gass og kjøpte meg 
Videoredigering. 
MOVAVI. 
Her var det berre å mekke ihop,  programmet gjorde alt eg ville. 
Heilt til eg skulle eksportere fila med plan om at dette skulle til Youtube.
Da får eg denne:
Det tillet eg ikkje.  
Så nå må eg finne ut neste manøver.  Spørs om IT-mannen på skulen må hjelpe meg. 

søndag 23. september 2018

Det går trått

Det går trått,  eg er nok meir handverkar enn kunstnar.
Eg driv og si ved meg sjøl at eg skal lære meg handverket digitale verktøy.  Når det flyt godt,  kanskje eg greie å skape noko digitalt da.
Audacity glei fint på plass,  likeleis LAME for å kontvertere lyd til MP3 fil.  Å setja saman lyd og bilde har eg såvidt prøvd før,  eg har jobba ein del med digtial historieforteljing. Da brukte eg MovieMaker 2.6.  Da denne versjon var opertiv laga elevane mine ein liten presentasjon av hobbyen sin.  Da måtte dei skape teksen fyrst, minst 100 ord som minste versjon,  300 ord og ikkje eit ord meir for maks manus. Deretter måtte illustrasjon på plass.  Teksta var meiningsberande og foto understøtta.

Det som eg plagast med nå,  er å finne på kva eg skal ha på blokka til seminaret med forelesar.
Eg har ingen god ide. I alle fall ikkje nå.  Eg har ikkje noko loppis innan rekkevidde.  Har ein bruktbutikk da.  Spørs om eg får gå dit.
Sjøl om eg har pad med Imovie og garageband,  så trur eg at eg må kjøpe meg eit redigering program til pcen.  Til dømes MOAVI.
Eg får plagast ei stund til.
CDen "Diktarplager" avsluttar med at " ein treng ikkje vera plaga for å lage stor kunst, men det hjelp".


søndag 16. september 2018

Rivegjengen

Det var rivegjengen sin, det!
Denne hattifnattliknade gjengen ligg på eigne lag og han til høgre er både litt større og han er vendt mot venstre.  Kanskje han er arbeidsbasen.
Lurar du på kven som har styra på her?

Det må da vera sant

Det må da vera sant at huldrekua er blå...
Litt blåfarge med opacity 2,7. 
Men må trene meir for å få det endå meir truverdig.

Portrett

Og det går likare nå.  Har funne utu det med hurtigkomandoar.
Må få dei inni fingra.
 Utgangspunkt
 vore litt slurvete med viskelæret.  Underste laget er farga,  layer er svartkvitt og transparent
 Brukte fuzzy select og plukka ut brilleområdet og la på meir raudt.  Deretter  fuzzy select til å plukke ut det kvite i augu.  Måtte auke toleransen for kvitfarge for å få med alt.
Fuzzy select for å skifte farge på brillane.  Her hengde programmet seg. Eg avslutta og er litt tilfreds for nå har eg testa endå fleire av verktøya.

Å lage kunstbilde av å koke epler


Koke epler til mos
Så var det å arbeide med fargar til ynskja nonfigurativ inntrykk og bruk av deformer
Epler er da gule!
Invert farger

lørdag 15. september 2018

Koks med og utan band

Frå dagens tur  -  på det nederste har eg laga meir dramatisk himmel -  brukte curves.  Så må eg lære meg hurtigkommandoer for å skifte mellom å plukke opp farge,  over til  pensel og deretter kline utover. Det gule bandet hennar vart etterkvart fjerna. Det er for mykje flytting av verktøy.  
Moralen er: Bruk augo godt før du knipsar.  Da blir det minst mogleg å kamuflere/fjerne etterpå.